Hopp til innhold

"Beinrestar" var ikkje frå menneske

Bittesmå fliser, som var eit sentralt bevis då Thomas Quick vart dømd for drapet på Therese Johannessen, viser seg ikkje å stamme frå eit menneske.

Thomas Quick

Thomas Quick er dømd for drapet på Therese Johannessen.

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Therese Johannessen

Therese Johannessen var ni år då ho vart borte.

Foto: HO / Scanpix

Thomas Quick dømd for drapet på ni år gamle Therese Johannessen i 1999. Den vesle jenta forsvann sporlaust frå heimen sin på Fjell i Drammen i 1988, og Quick sa at han hadde teke livet av både henne og fleire andre sakna jenter.

To professorar sa i rettssaka at at dei små flisene etter alt å dømme var bein frå ei ung jente, og dette var eit viktig bevis for aktoratet i saka.

LES OGSÅ: Nervøs Quick twitret før avgjørelsen

LES OGSÅ: Vil gjenoppta Therese-saken

Nett-tv: - Det ble aldri påvist at det var fra menneske

Video nsps_upload_2010_3_19_8_39_4_4.jpg

Klikk på bildet for å se video.

Funn i Østfold

Bitane vart funne i Ringen-tjernet i Marker i Østfold, der Thomas Quick hevdar at han brann og dumpa liket av Therese Johannessen.

No har SKL, Svenska Kriminaltekniska Labaratorium, gått gjennom funnet på nytt, og dei har funne ut at det slett ikkje er snakk om beinrestar.

Sjefsaktor Bjørn Ericson seier til Svenska Dagbladet at funnet den gongen aldri 100 prosent kunne knytast til Therese Johannessen, men at det heilt klart var viktig for at Thomas Quick vart dømd.

Han seier at dei nye analysane er gjorde med topp moderne teknologi, og at dette kan vere ei årsak til at resultatet no er eit anna enn i 1999.

SKL har ikkje greidd å slå fast kva dei små flisene eigentleg er.

LES OGSÅ: - Tror ikke på Quick-gjenopptakelse

LES OGSÅ: Uskyldig dømt?

- Heilt utruleg

- Dette er så utruleg at vi ikkje heilt har greidd å forestille oss det, seier advokaten til Quick, Thomas Olsson, til Expressen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Thomas Quick, som no kallar seg Sture Bergwall, tilstod drapet på Theresen Johannessen og drapet på sju andre. Seinare har han trekt tilbake tilståinga, og han prøver no å få sakene opp for retten igjen.

Før jul i fjor fekk han medhald i at drapet på Yenon Levi, eitt av dei åtte drapa han er dømd for, skal takast opp igjen i rettsapparatet.

LES OGSÅ: - Politiets arbeid vil sjokkere

LES OGSÅ: Quick trekker tilståelser

Permar gøymde bort

Tidlegare i dag vart det kjent at 13 permar med etterforskingamateriale om drapsdømde Thomas Quick var gøymde bort på politihuset i Sundsvall. Opplysningane kunne ha frifunne Quick, sa SVT-journalisten Hannes Råstam.

Ved sidan av dei åtte drapa Quick er dømd for, har han også vedgått over 20 andre drap i Sverige, Noreg og Finland.

Det var i fleire TV-reportasjar Råstam laga i fjor at Quick trekte tilbake alle tilståingane sine. Råstam meiner at politiet har halde hemmeleg store mengder materiale som beviser at Quick laug då han tilstod drapa på 90-talet.

Råstam meiner at materialet eintydig og overtydande avslører at seriedrapsmannen Thomas Quick er ein konstruksjon, bygd på fantasiane hos ein rusa og psykisk sjuk pasient.

Nett-tv: Nye bevis kan føre til at drapsdømte Thomas Quick blir frifunnet

Video nsps_upload_2010_3_19_8_16_37_3.jpg

Klikk på bildet for å se video.

SISTE NYTT

Siste nytt