Hopp til innhold

Uskyldig dømt?

Thomas Quick har trekt tilbake tilståingane om drapa han er dømt for.

Thomas Quick under rettsaken i 1994
Foto: PRESSENS BILD / Scanpix

I sju ulike rettssaker er svenske Thomas Quick dømt for å ha drepe åtte personar.

Tre av dei drepne var norske.

Thomas Quick har mellom anna vedgått å ha torturert og drepe Trine Jensen i Svartskog utanfor Oslo i 1981. Han har også vedgått at det var han som drap Gry Storvik i Oslo i 1985 og ni år gamle Therese Johannesen som forsvann i Drammen i 1988.

Les: Mener Quick drepte Therese

I politiavhøyr har han også tilstått meir enn 20 drap i Sverige, Noreg og Finland.

I eit intervju gjeve til ein dokumentar på svensk tv har Quick no trekt tilbake tilståingane for drapa han er dømt for.

Ein rapport frå den svenske kjendisadvokaten Pelle Svensson har tidlegare konkludert med at det er gjort mange feil i alle rettssakene mot Quick.

Quick er dømt til tvungen psykiatrisk behandling på lukka avdeling, men fleire har uttrykt tvil om kor vidt han kan ha gjennomført alle drapa han er dømt for.

Gry Storvik, Therese Johannesen og Trine Jensen

Thomas Quick er dømt drapa på Gry Storvik, Therese Johannesen og Trine Jensen.

Foto: Scanpix

Sjå fyrste del av dokumentaren her:

Thomas Quick: Uskyldig dømt? 1:2

SISTE NYTT

Siste nytt