Hopp til innhold

– Vi er ikkje eit fritt land

– Utlendingar som kjem hit ser flotte kjøpesenter, hotell og skyskraparar, og dei trur at vi er eit fritt land. Dei tek feil. Det er eit diktatur. Det finst ikkje fridom her, seier ein framståande opposisjonell i Dei sameinte arabiske emirata (UAE).

Dubai skyline med Burj Dubai-tårnet.

Dubai fristar med verdas høgste tårn, Burj Dubai, og andre store turistattraksjonar. Amnesty International peikar på alvorlege brot på menneskerettane.

Foto: AHMED JADALLAH / REUTERS

I samband med at verdas auge komande helg blir retta mot Formel 1 Grand Prix-arrangementet i Abu Dhabi, har Amnesty International offentleggjort ein rapport om menneskerettssituasjonen i landet. Dei har snakka med fleire menneskerettsaktivistar, og historiene er mange og dramatiske.

Utanriksminister Børge Brende (H) vitja UAE denne helga, og han hadde samtalar med dei politiske leiarane i oljestaten.

LES HEILE RAPPORTEN HER: Amnestys rapport om UAE

– Situasjonen er kritisk

Ina Tin i Amnesty International.

Ina Tin i Amnesty håpar norske styresmakter tek opp menneskerettsspørsmål når dei har kontakt med styresmaktene i UAE.

Foto: Amnesty

– Eg håpar inderleg at Børge Brende tok opp menneskerettsspørsmål i samtalane sine med leiarane der. Situasjonen i UAE er kritisk. Sidan 2011 har landet systematisk brukt vage lovtekstar til å straffeforfølgje alle tilløp til kritikk, seier Ina Tin i Amnesty International si norske avdeling til NRK.

I helga kom det fram at UAE hadde sett ein Emiratene har satt Det Islamske Forbundet på terrorliste

Ina Tin fortel at Amnesty har fleire aksjonar gåande i UAE. Ho er redd for at det faktum at landet saman med Saudi-Arabia er ein viktig alliert for Noreg og andre vestlege land i krigen mot terrororganisasjonen IS, så blir det mindre interessant å ta opp problematiske forhold. Det er ei farleg utvikling, meiner ho.

– Det er mange likskapstrekk mellom Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata. Utviklinga går i feil retning i begge landa, med stadig meir undertrykking og auka bruk av dødsstraff, seier ho.

I rapporten frå Amnesty kjem det fram at det er eit stort gap mellom det biletet styresmaktene i dei sju kongedømma som utgjer UAE prøver å vise omverda, og det verkelege livet for menneskerettsforkjemparar i landet.

Populært turistmål

Dubai er til dømes eit populært turistmål, og blant attraksjonane er det høgste tårnet i verda, det 829 meter høge Burj Khalifa. Også det mest luksuriøse hotellet i verda er å finne å der.

Amnesty-rapport om Dei sameinte arabiske emirata.

Amnesty konkluderer med at UAE langt frå er eit fritt og demokratisk land.

– Millionar av menneske vil følgje Formel 1-løpet frå Abu Dhabi til helga. Dei fleste av dei veit ingenting om det aktivistane i UAE opplever, seier Hassiba Hadj Sahraoui, Amnesty Internationals visedirektør for Midtausten og Nord-Afrika.

Ifølgje Amnesty blir aktivistar trakasserte, arresterte og i ein del tilfelle utsette for tortur i fengselet. Organisasjonen slår fast at UAE sidan 2011 har skapt eit klima av frykt blant opposisjonelle, og at undertrykking er ein mykje brukt taktikk for å hindre at kritiske røyster kjem fram.

Ifølgje Amnesty var det opprøret i fleire arabiske land som fekk styresmaktene i UAE til å stramme grepet. Og dei har teke ekstreme grep for å kvele all teikn til misnøye, kritikk eller krav om reformer.

LES OGSÅ: – Norsk våpeneksport-politikk bidrar til undertrykkelse

LES OGSÅ: USA leder an i angrepene mot IS

Glitter og glamour

– Under fasaden av glitter og glamour, har ei mykje styggare side av UAE vist seg fram. Det viser at UAE er ein djupt undertrykkande stat der aktivistar som er kritiske til regjeringa, kan bli kasta i fengsel berre på grunn av ein Twitter-melding, seier Hassiba Hadj Sahraoui.

Dei det går verst ut over er advokatar, universitetsprofessorar, studentar og tilsette i statsadministrasjonen. Mange av dei er medlemer av organisasjonen al-islah, ein grasrotorganisasjon som arbeider for sosiale reformer i landet. Også familiemedlemer til aktivistar i organisasjonen har blitt arresterte, opplyser Amnesty.

Styresmaktene i UAE seier at al-islah har nære band til Den muslimske brorskapen i Egypt.

– Omfanget av aksjonen mot opposisjonelle er skremmande, og sanninga er at UAE si behandling av opposisjonelle og familiane deira, i stor grad har vorte ignorert av omverda. Det er på tide at land som er allierte med UAE får opp auga og ser den brutale undertrykkinga i landet. Dei bør setje menneskerettar framfor forretningsinteresser, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Bomber skal stanse inntektsstrømmen til IS

LES OGSÅ: – De sivile blir taperne

– Mishandla i fengselet

Ein av aktivistane som blir trekte fram i rapporten er den framståande menneskerettsadvokaten dr. Mohammed al-Roken. Han sonar i dag ei fengselsstraff på 10 år etter å ha vorte dømd i ei masserettssak der 94 aktivistar var tiltalte.

25 år gamle OIsama-al-Najjar vart arrestert i mars i år, etter å ha uttrykt uro på Twitter for korleis faren hans, Hussein Ali al-Najjar al-Hammadi, vart behandla i fengselet. 25-åringen har fortalt til Amnesty at han har vorte mishandla i fengselet.

– Vi krev at UAE må stanse alle vilkårlege arrestasjonar og interneringar. I denne saka er både faren og sonen samvitsfangar som straks bør setjast fri, saman med alle dei som berre har brukt retten til fridom og å uttrykkje meiningane sine, seier Hassiba Hadj Sahraoui i Amnesty.

Amnesty International ber også om at UAE tek offentleg avstand frå bruk av tortur, og at dei skal tillate ei uavhengig gransking av alle skuldingar om bruk av tortur, og at dei som har gjort seg skuldige i det, skal straffast.

– Ikkje uavhengig rettssystem

Amnesty-rapporten kjem med knallhard kritikk av rettssystemet i UAE, og rettssaka mot 94 aktivistar, som blir kalla «UAE 94»-rettssaka, var ifølgje organisasjonen full av feil og manglar.

– Rettssystemet i UAE er korkje uavhengig eller upartisk, og domstolane verkar gjere lite anna enn å følgje avgjerdene til dei politiske leiarane. Tiltalte blir ofte nekta forsvarsadvokatar, og dei får ikkje høve til å anke dommane. I mange tilfelle har domstolane støtta seg på «tilståingar» som er pressa fram under tvang, noko som er i strid med internasjonal lov, heiter det i rapporten frå Amnesty.

SISTE NYTT

Siste nytt