Hopp til innhold

– Verda bør omfamne Tunisia slik ho omfamna Frankrike

Tunis (NRK): – Je suis Bardo, vert det ropa i Tunis. I dag er det nasjonaldagsfeiring i Tunisia. Der meiner dei verda bør støtte Tunisia slik verda støtta Frankrike i januar.

Turistguider - Tunisia

Eg er Bardo, står det på ein av lappane til desse turistguidane. Dei meiner verda burde reagere på same måte på terroren i Tunisia, som i Frankrike.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Tunisia Nasjonaldag

Ein man sel tunisiske flagg på nasjonaldagen til Tunisia. Men terroren førre onsdag legg ein dempar på feiringa.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Innbyggjarane i det tidlegare franske protektoratet meiner at verda også må omfamne Tunisia slik verda omfamna Frankrike etter Charlie Hebdo-terroren.

Terrorangrepet onsdag kom som eit sjokk. Det var første gong ei terrorhandling fann stad i hovudstaden Tunis, og 22 personar mista livet.

I dag vart det kjent at dei totunisiaranee som stod bak angrepet vart trente opp i Libya.

– Let oss ikkje knuse

Alle dei NRK møter i Tunis tek sterk avstand til handlingane som dei to mennene stod for.

– Me let oss ikkje skremme, er beskjeden NRK møter frå fleire av dei som er ute i Tunis' gater.

Khalim ben aldi - Tunisia

Khalim Ben Aldi poserer framfor ein tryggingsvakt. På plakaten er bodskapen klar: Tunisia tek avstand til all terror.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Også Khalim Ben Aldi kjem med same beskjed. Med seg ut i gata har han eit tunisisk flagg rundt skuldrene, og eit ark med bodskapen «Velkommen til alle turistar.Tunisiararr er mot terrorisme».

– Me vil ikkje la oss knuse, seier Aldi der han står framfor ein av dei mange tryggingsvaktene som er ute i gatene i Tunis i dag.

Landetfeirarr i dag sin nasjonaldag, og det er første gongen etter at dei i desember gjennomførte det første demokratiske valet nokon sinne.

Mange er ute i gatene med flagg, og fleiresamlarr seg i grupper som går under ulike parolar. Terrorhendinga pregar stemninga i byen og markeringa av nasjonaldagen.

Tunisia nasjonaldag

Mange er ute i gatene i høve Tunisias nasjonaldag. Det er også mange soldatar og væpna politimenn ute i gatene for å halde tryggleiken ved like.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Turistbransjen fryktar inntektstap

Ute i gatene møter NRK også fleire turistguidar. På plakatane deira står det «Je suis Bardo», og dei seier at det er trist at fleire cruiseselskap no har innstilt sine reiser til landet.

Turistbransjen i Tunisia fryktar for kva følgar terrorangrepet kan få for turismen. Landet har jobba hardt for å kome tilbake til same nivå som før revolusjonen i 2011.

I toppåret var det 6,9 millionar innom Tunisia, men året etter sank det til 4,7 millionar. I tida etter revolusjonen har talet gått opp att, syner tal frå Verdsbanken.

Dette vil føre til store inntektstap i Tunisia, der turisme er ei av dei største næringane. Rundt 20 prosent av folket i Tunisia er avhengige av turisme, har styresmaktene tidlegare sagt.

SISTE NYTT

Siste nytt