Hopp til innhold

– Tunisia er heilt trygt, sa ministeren i går

Tunisias turistminister lova seinast i går at landet er heilt trygt for besøkande. I dag vart 17 turistar drepne i eit terrorangrep mot ein av landets største turistattraksjonar.

Turisme tunisia

Tronge handlegater er populære blant europeiske turistar i Tunisia. Her frå Tunis i 2011.

Foto: Fethi Belaid / AFP Photo

– Det er ingen problem med tryggleiken i Tunisia. Alt er under kontroll, sa ministeren for turisme, Selma Elluni Rekik, til nyheitsbyrået ANSA i går.

I dag smalt det. 22 menneske vart drepne, 17 av dei turistar, då to væpna menn angreip Bardomuseet i Tunisias hovudstad Tunis. Mennene skaut også mot turistbussar som stod utanfor museet.

TUNISIA-SECURITY A damaged bus is seen after an attack by gunmen on Tunisia's national museum in Tunis

Dette er ein av fleire bussar som vart skotne mot av dei to terroristane som i dag gjekk til angrep mot eit museum i Tunis.

Foto: ZOUBEIR SOUISSI / Reuters

Satsar på golf, sjø og ørken

Det var situasjonen i nabolandet Libya som var bakgrunnen for spørsmålet om tryggleiken i Tunisia. Ministeren var einig i at anarkiet og kaoset som regjerer i Libya ikkje akkurat hjelper Tunisia, men at alt likevel er trygt.

– Me må gi tryggleik til utanlandske entreprenørar som vil investere i Tunisia, sa ministeren, og sa at det ikkje berre er turismen dei er uroa for, men også økonomien.

Ho fortalde vidare om korleis Tunisia vil satse på å få meir turisme i innlandet, og ikkje berre langs kysten. At turar i Sahara, golfferiar og thalassoterapi (behandling av sjukdommar ved hjelp av sjøvatn journ.anm.) skal vere satsingar som skal trekke meir turistar til Tunisia.

God plass på strendene i Djerba i Tunisia.

Det har vore mindre turistar i Tunisia dei siste åra. Her frå ei strand ved Djerba.

Foto: Paul Schemm / Ap

Mista over millionar av turistar på to år

Mangel på turistar har vore eit stort problem heilt sidan revolusjonen i 2011, då den arabiske våren starta i nettopp Tunisia.

I rekordåret 2010 var 7,1 millionar turistar innom landet, medan dette falt ned til 4,7 millionar i revolusjonsåret 2011. Deretter har det vore ein stadig vekst fram til i dag.

– Me er sikre på at dette vil fortsette å bli betre. Me er verken optimistar eller pessimistar. Me er berre bestemte, sa Rekik i går.

GERMANY/ Visitors are silhouetted against a back-lit advertising campaign panel at booth of Tunisia at the international tourism industry fair in Berlin

«Eg elskar Tunisia. Staden å vere no», står det på plakaten. Tunisia har brukt mykje krefter på å få turistane tilbake att etter revolusjonen i 2011.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Styresmaktene og turistnæringa har saman jobba hardt for å kome opp att til gamle høgder. Men akkurat det vert ikkje lettare etter dagens angrep, der turistar såg ut til å ha vore sjølve målet for terroristane.

Noreg er eit av fleire land som har kome med reiseråd. Utanriksdepartementet ber alle som er i Tunisia eller som skal reise dit om å halde seg oppdatert og registrere si reise ved ambassaden i Algerie.

SISTE NYTT

Siste nytt