NRK Meny
Normal

Karzai: – USA konspirerer med Taliban

Taliban utfører bombeåtak «i USA si teneste», hevdar presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai. Ifølgje Karzai er målet med samansverjinga å samla støtte til ISAF-styrkane.

President Hamid Karza feirer kvinnedagen i Kabul

President Hamid Karza kom med sterke skuldingar om at USA konspirerer med Taliban under markeringa av kvinnedagen i Kabul søndag.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Presidenten i Afghanistan spora av og kom med krasse skuldingar mot USA då han søndag skulle tala om statusen til afghanske kvinner på afghansk TV i samband med den internasjonale kvinnedagen.

Han nytta høvet til å koma med skuldingar om ei samansverjing mellom USA og Taliban.

Presidenten meiner USA konspirerer med Taliban for å overbevisa afghanarar om at valden i landet vil auka dersom dei internasjonale styrkane trekkjer seg ut av landet.

Hevdar opprørarane angrip «i USA si teneste»

Karzai refererte i talen sin til to dødelege bombeeksplosjonar laurdag, og hevda at opprørsgrupper utfører åtak «i USA si teneste» for å visa at freden i landet er truga dersom ISAF-styrkane forsvinn når oppdraget blir avslutta i 2014.

Sivile tap og åtak på «feil» mål, ikkje minst etter opptrappinga i bruken av dronefly, har gjort USA og NATO stadig meir upopulære blant afghanarar.

Karzai har hevda at landet vil greia seg betre når utlendingane trekkjer seg ut. Då vil opprørarane ha mindre grunn til å ta til våpen, har han hevda overfor avisa The Guardian.

ISAF skal trekkja seg ut av Afghanistan i løpet av 2014, men USA vil behalda soldatar i landet for å nedkjempa terroristar og for å trena dei afghanske regjeringsstyrkane.

Bakgrunnen for den oppsiktsvekkjande påstanden til Karzai er ukjend, men den afghanske presidenten har tidlegare kome med provoserande utsegn, tilsynelatande som ein form for forhandlingstaktikk.

Den USA-leidde ISAF-koalisjonen har ikkje kommentert skuldingane.

(Artikkelen held fram under biletet)

ISAF-soldatar på ein bombe-åstad i Kabul

ISAF-soldatar undersøkjer området der ei bombe gjekk av i Kabul den 27. februar. ISAF-styrkane skal etter planen trekkja seg ut av Afghanistan i løpet av 2014.

Foto: OMAR SOBHANI / Reuters

Nye samtalar mellom USA og Taliban

USA og Taliban har dessutan teke opp att samtalane i Qatar, ifølgje presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai

Taliban trekte seg frå samtalane med USA for eitt år sidan.

Rørsla meinte at at signala som amerikanarane sende ut om forsoningsprosessen i Afghanistan var for vage, vaklande og tvetydige.

No har knuten på tråden losna, ifølgje Karzai.

– Høgtståande leiarar frå Taliban og amerikanske styresmakter har samtalar i Qatar på dagleg basis, sa Karzai under ei markering av den internasjonale kvinnedagen i Kabul søndag.

Taliban avviser

Den islamisitiske fundamentalistiske rørsla Taliban nektar sjølv for at dette stemmer.

– Taliban avviser på det sterkaste utspelet til Karzai, seier Taliban sin talsmann i Afghanistan, Zabihullah Mujahid.
USA har førebels ikkje gitt noko fråsegn i saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt