Hopp til innhold

Bondevik med klar beskjed til Suu Kyi om å hjelpe Rohingya-folket

Valden mot Rohingya-folket eskalerer stadig i Myanmar. I dag møtte Kjell Magne Bondevik fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi, som har hausta mykje kritikk for å ikkje forsvare den muslimske minoriteten.

I et godt bevoktet buddhistisk tempel har hundrevis av Rohingya-familier har samlet seg for å søke tilflukt fra de voldelige opptøyene som har preget området de siste dagene.

Muslimar frå Rohingya-folket søkjer tilflukt i buddhisttempel i Myanmar.

Opp mot 140.000 muslimar bur i flyktningleire, og for nokre dagar sidan måtte 1.200 menneske tilhøyrande Rohingya-folket søke tilflukt i eit kloster, etter at dei vart jaga av buddhistiske mobbar.

Buddhistar har angripe

I Myanmar er det spente tilhøve. Demokratibygginga er i gang etter at militæret i 2011 slapp opp det stramme grepet dei hadde om landet. Men saman med reformprosessen har også underliggjande konfliktar fått tid til å vakse.

Kjell Magne Bondevik under KRF-landsmøtet

Tidlegare KrF-statsminister Kjell Magne Bondevik er på besøk i Myanmar

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

LES OGSÅ: BBC: Politiet så på mens mennesker ble brent i Myanmar

LES OGSÅ:

– Etter at militæret har sleppt jerngrepet kjem konfliktar fort til overflata. Rohingya-folket vert diskriminerte, og er ikkje anerkjente som myanmarske statsborgarar. Elles fredelege buddhistar ser mistenksamt på dei, og ein del buddhistar går til angrep på dei, fortel Kjell Magne Bondevik.

Mykje kritikk mot Suu Kyi

Han er på besøk i Myanmar, og møtte i dag fredsprisvinnar og Myanmars førstedame Aung San Suu Kyi. For to dagar sidan kritiserte han Suu Kyi for å ikkje bry seg nok om situasjonen til Rohingya-folket, og då han møtte den myanmarske politikaren tok han opp dette med ho.

(Saka held fram under biletet)

rohingya-flyktninger i Sittwe-leiren i Myanmar

Det muslimske Rohingya-folket vert forfylgt av buddhistiske mobbar.

Foto: Steve Gumaer / Partners

– Det var dei truande etniske konfliktane som stod i sentrum for samtalen vår. Ho har vore tydelegare i sin kritikk dei siste dagane, og ho meiner det vert gjort for lite for å hindre overgrep mot Rohingya-folket. Ho seier dette skuldast at politiet ikkje har fått instruks frå styresmaktene om å slå ned på det, seier Bondevik.

Den tidlegare statsministeren trur at Suu Kyi sin posisjon som kommande presidentkandidat gjer det nødvendig for ho å manøvrere forsiktig, for å ikkje miste potensielle veljarar. Dette meiner Bondevik kan vere grunnen til at ho fram til nyleg har vore taus om Rohingya-folket sin situasjon.

Aung San Suu Kyi

Nobels fredsprisvinnar og kommande presidentkandidat i Myanmar, Aung San Suu Kyi

Foto: LEE JAE-WON / Reuters

Suu Kyi kritiserer «tobarnspolitikken»

Det var på tysdag Suu Kyi for første gong uttalte seg om kva ho meiner om myanmarske styresmakter si handtering av Rohingya-folket. Det var særskild Myanmars planar om å innføre ei lov som forbyr den muslimske folkegruppa å ha meir enn to barn per familie, som Suu Kyi var kritisk til.

– Det er ikkje bra med ei slik diskriminering, og det er heller ikkje på bølgjelengd med menneskerettane, sa ho ifølgje BBC.

Kjell Magne Bondevik seier Suu Kyi gjentok dette då han snakka med ho, og at ho også ville at myanmarsk politi skulle gje instruksar om å stoppe overgrep mot Rohingya-folket.

Kan skade reformprosessen

Bondevik er nøgd med at Suu Kyi no uttalar seg om situasjonen, men fryktar at konfliktane i Myanmar skal øydeleggje reformprosessen.

– Det er også ein væpna konflikt i Kachin-staten mellom regjeringsstyrkar og den kachinske frigjeringsrørsla. Den konflikten er ein endå større trussel mot reformprosessen, sidan den involverer regjeringsstyrkar. Militæret kan bruke konfliktane som grunn til å ta att makta, og det må me for alle del unngå, seier Bondevik.

(Saka held fram under biletet)

Rohinga-flyktninger i Sittwe-leiren i Myanmar

Mange frå Rohingya-folket lever i flyktningleirar nord i Burma.

Foto: Steve Gumaer / Partners

I dag kom også dei første meldingane om ein fredsavtale mellom Myanmar og opprørarane i Kachin. Det er framleis uvisst kva denne fredsavtalen konkret går ut på, og om dei vil føre til langvarig fred.

– Suu Kyi burde vere modigare

Oddny Gumaer grunnla hjelpeorganisasjonen Partners Norge etter å ha besøkt Myanmar og sett behovet for hjelp. Ho har besøkt landet fleire gonger, seinast for nokre veker sidan, og kjenner god til situasjonen for Rohingya-folket.

LES OGSÅ: Bor i bambushytter - nekter å flykte fra syklon

LES OGSÅ: De risikerer å miste det lille de eier

– Akkurat no er det ikkje bra. Levesituasjonen i flyktningleirane er heilt uhaldbare. Sidan det no er regntid ligg leiren under vatn, sjukdommar breier seg og det er heilt umenneskeleg, seier Gumaer.

Ho er skuffa over kor lite som vert gjort av både myanmarske styresmakter, Norge og hennar store heltinne Aung San Suu Kyi.

– Ho er ei av dei modigaste menneska i verda, og ho burde vere så modig at ho kunne sagt at Rohingya-folket blir behandla dårleg. Men me kjenner ikkje heile historia, og om eg fekk snakka med Suu Kyi så hadde eg sikkert fått ei forklaring, seier Gumaer.

Vil inn og hjelpe

Ho er ikkje i tvil om kva ho ville sagt om ho var i Bondevik sine sko.

– Eg ville sagt til ho at Rohingya-folket treng ho, og at dei høyrer til Myanmar. Dei har gjort sitt for at Myanmar er det landet som det er i dag, og dei burde få høyre at ho stiller seg bak dei, seier Gumaer.

Ho meiner myanmarske styresmakter først og fremst bør gjere to ting for å betre situasjonen. Dei bør syte for at det lukka området vert opna for at store hjelpeorganisasjonar kan sleppe inn, og at Rohingya-folket får dei same rettane som andre i Myanmar. Slik som statsborgarskap og utdanning.

– Norge er for vake

Ho synest også norske styresmakter er for vage, og etterlyser at det utøves meir press.

– Det som har blitt gjort er feil og urettvist. Det er tragisk at land som Noreg ikkje gjer meir for Rohingya-folket. Eg føler at norske styresmakter er for entusiastiske for endringane som har skjedd. Me må ikkje bli blinde for at styresmaktene i Myanmar framleis utfører brot på menneskerettane, seier Gumaer.

Bondevik er på si side meir nøgd med Norges innsats i Myanmar.

– Eg har inntrykk av at dei aktivt støtter opp om reformprosessen, men samstundes tek opp dei kritiske spørsmåla med styresmaktene, slik som dei etniske konfliktane, seier fredssentersjefen.

– Høgt på vår dagsorden

Også i utanriksdepartementet er dei nøgde med Norge sin innsats, og dei lover at Myanmar framleis vil stå høgt på den politiske dagsorden.

– Me har understreka viktigheita av at menneskerettane til alle som bur i landet må respekterast, og at det er landets styresmakter sitt ansvar å beskytte folket mot overgrep. Det har vore ei positiv utvikling i Myanmar dei siste par åra, men det gjenstår likevel store utfordringar, og me må rekne med tilbakeslag i reformprosessen, seier statssekretær i utanriksdepartementet Torgeir Larsen.

Statssekretæren viser også til at Noreg, gjennom FN og Legar Utan Grenser bidreg med humanitær støtte til Rakhine-området, der Rohingya-folket held til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt