– Vi ynskjer oss ei teknokrat-regjering, for det finst ingen ærlege politikarar for tida, seier demonstranten Bogdan til nyheitsbyrået Reuters.
Over 30.000 marsjerte i gatene i Bucuresti i går. Dette trass i at regjeringa timar før hadde gitt etter for kravet om å gå av.
Ein nattklubbrann som kosta 32 menneske livet og sende 200 på sjukehus, er årsaka til sinne og frustrasjonen.
Ein korrupsjonskultur har fått skulda for tragedien, og demonstrantane krev gjennomgripande reformer.
– Eit velkjent triks
Regjeringa gjekk i går av i håp om at dette ville roe ned situasjonen.
– Dette er eit velkjent triks. Opposisjonen gjorde det same då dei sat i regjering i 2012, fortel ein rumensk journalist til NRK.
Da gjekk daverande statsminister Emil Boc av for som han sa å« ta brodden av dei politiske spenningane» som hadde oppstått" når regjeringa stramma inn under finanskrisa.
Men denne metoden ser ut til å vere oppbrukt i Romania.
– Vi har kome her for å slost mot korrupsjon. Om systemet ikkje klarer å kvitte seg med korrupte menneske, vil folk ta loven i eigne hender, sa ein demonstrant til nyheitsbyrået Reuters i natt.
Mellombels statsminister utnemnt
President Klaus Iohannis har utnemnt utdanningsminister Sorin Cimpeanu som mellombels statsminister fram til fredag.
Då reknar han med at det har blitt danna ei ny regjering.
Opposisjonen krev nyval, for dei meiner regjeringspartia ikkje lenger har legitimitet. Det sosialdemokratiske regjeringspartiet seier dei vil danne ei ny regjering basert på den gjeldande koalisjonen.
Presidenten meiner regjeringa gjekk av for seint
Samtidig kritiserer Iohannis statsminister Victor Ponta vente alt for lenge med å trekke seg.
– Regjeringa gjekk av alt for seint. Folk måtte døy for det skjedde. Hadde lovar og regler vore respekterte hadde ingen trengt å døy, sa Iohannis.
Presidenten har kravd at statsministerens går av sidan han vart tiltalt for omfattande korrupsjon i september. Tiltalen inkluderer forfalsking, pengevask og medverking til skattesvik.