Hopp til innhold

– Regima må ta noko av skulda for hungersnauden

Folket på Afrikas Horn har lang erfaring med tørke. Men når regnet uteblir i fleire år, treng dei hjelp. Styresmaktene kunne ha gjort meir, meiner Fafo-forskar Morten Bøås.

SOMALIA-DROUGHT -

Eit alvorleg underernært barn ventar på hjelp ved eit sjukehus i Somalia. Også i Kenya, Etiopia, Uganda og Djibouti lir millionar av hungersnaud.

Foto: MUSTAFA ABDI / Afp

Seniorforsker ved FAFO, Morten Bøås

Forskar ved Fafo, Morten Bøås meiner styresmaktene i landa på Afrikas Horn kunne ha gjort meir for å unngå at busetnaden svelt ihjel.

Foto: www.fafo.no

Tørken som har lagt seg som eit nådelaust teppe over Aust-Afrika, er den verste på 60 år. Meir enn 11 millionar menneske i fem land treng øyeblikkeleg hjelp for ikkje å svelta i hjel.

– Regima på Afrikas Horn må sjølve ta noko av skulda for at hungersnauda har vorte så stor. Delvis fordi dei ikkje har brydd seg nok, og delvis fordi dei ikkje har greidd å forvalta lokal kunnskap til nasjonal politikk, seier Fafo-forskar Morten Bøås.

Har kunnskap og erfaring

For busetnaden i Aust-Afrika er ikkje tørke eit nytt fenomen. I alle år har det budd folk i området, og etterkvart har kunnskapen om korleis ein skal overleva på lite vatn og næring vorte nedarva i generasjonar.

Likevel er landa i høgste grad avhengige av hjelp utanifrå for å hindra at millionar av menneske svelt i hjel.

I Somalia forklarer den langvarige borgarkrigen og mangelen på ei fungerande statsmakt mykje av kvifor landet ikkje greier å handtera svoltkatastrofen på eiga hand.

Dei andre landa som utgjer Afrikas Horn - Kenya, Etiopia, Uganda og Djibouti - er ikkje øydelagde av krig på same måte. Men styresmaktene i desse landa har i stor grad feila i å rusta landet mot tørkekatastrofar.

– Det handlar om statleg kapasitet. Ein velorganisert stat med sterk politisk legitimitet er ein føresetnad for effektiv respons når naturkatastrofane råkar. I tillegg har styresmaktene vore seint ute med å innrømma at ein katastrofe var i anmarsj, fortel Bøås.

Bøndene samarbeider

Folkegruppene på Afrikas Horn har utvikla gode ordningar lokalt for å overleva når nauda bit som verst. I Etiopia inngår bøndene gjensidige avtalar om å låna beitemark av kvarandre, og kan dermed flytta buskapen sin til mindre tørre område.

I tillegg har mange bønder innbyrdes forsikringar om å få låna kveg av kvarandre til å byggja opp att bestanden når tørken har teke knekkjen på mange dyr.

Ifølgje forskar Bøås er det denne velutvikla lokalkunnskapen som bør nyttast til å leggja ein nasjonal strategi til å handtera tørken når den slår inn.

– Oppbygging av eit regionalt samarbeid ville ha hjelpt mykje. Men tørken som er no, er så ekstrem at landa uansett ikkje ville ha klart seg utan verdssamfunnet si hjelp, seier Bøås.

SOMALIA A woman feeds her drought-stricken cattle

På lokalt plan har bøndene utvikla ordningar for å hjelpa kvarandre når nedbøren uteblir og buskapen døyr.

Foto: ISMAIL TAXTA / Reuters

Verste på 60 år

Aller verst er situasjonen i Somalia, men også dei fire andre landa på Afrikas Horn er hardt råka av tørke og hugnersnaud:

  • Kenya: 2,7 millionar (inkl.500 000 flyktningar frå Somalia)
  • Etiopa: 3,7 millionar (inkl. 226 000 flyktningar frå Somalia)
  • Uganda: 809 000
  • Djibouti: 109 000

WFP har så langt fått inn 250 millionar dollar til å hjelpa dei sveltande i området. Dette er likevel berre halvparten av beløpet som trengst i løpet av dei neste seks månadene for å kunne nå fram til alle som er råka av hungersnauden.

– Verdssamfunnet har høyrt vårt rop om hjelp. Bistandspengane har begynt å koma inn til Afrikas Horn, men behovet er framleis stort og situasjonen er ekstremt alvorleg, fortel Anne Poulsen som er direktør ved FNs matvareprogram (WFP) sitt nordiske kontor.

– Afrikas Horn er tvinga i kne

Anne Poulsen, WFP

Anne Poulsen er direktør ved FNs matvareprogram (WFP) i Norden.

Foto: WFP

I krigsherja og isolerte Somalia er situasjonen aller verst, men også i dei fire andre landa på Afrikas horn risikerer meir enn sju millionar menneske å døy av svolt.

Direktøren for WFP i Norden er samd i at det er mykje landa sjølve kan og må gjera for å verna befolkninga mot tørke, Men i likskap med Bøås peikar også Poulsen på at situasjonen no er eksepsjonelt ekstrem:

– Avlingane har slått feil år etter år. Tørken har nesten blitt kronisk, og no er heile Afrikas Horn tvinga i kne.

Klimaendringar og høge matprisar

Poulsen viser også til faktorar som ikkje landa sjølve har høve til å kontrollera: klimaforandringar, høge matvareprisar og brenselprisar kombinert med konflikter.

– Men ein kan byggja demningar, terassar og brønnar som bidreg til å halda på det litle vatnet ein har. I tillegg er skulegang og ernæringsprogram viktig for å rusta busetnaden til å handtera klimakriser som dette.

På eit så kritisk tidspunkt som no har FN derimot fullt fokus på å redda liv:

– Den verste krisa er no unngått fordi me har fått ein del av pengane som me så desperat har bede om sidan i fjor. Etter det må ein byrja å sjå på tiltak i eit langtidsperspektiv, seier Poulsen.

SISTE NYTT

Siste nytt