Sorg, hysteri og pompøse seremoniar har prega nyheitsbiletet i det kommunistiske diktaturet Nord-Korea i tida etter at diktatoren Kim Jong-il (69) døydde av hjarteinfarkt den 16.desember i fjor.
Han hadde då sete ved makta i 17år, og vart etterfølgt av sonen Kim Jong-un.
Regimet har no åtvara innbyggjarane om at mobilbruk under landesorgen og forsøk på å flykta til Kina vil bli rekna som eit krigsbrotsverk, opplyser den sørkoreanske humanitære organisasjonen Good Friends til det statlege nyheitsbyrået Yonhap.
- LES OGSÅ: Kim Jong-il balsameres for evigheten
Totalforbod mot mobil i fire år
Nord-Korea er eitt av dei mest lukka landa i verda. Styresmaktene har lenge nytta drastiske metodar for å isolera landet frå omverda, i frykt for at utanlandske nyheiter og påverknad frå Vesten skal rokka ved stabiliteten til regimet. Massemedia er underlagt streng sensur, og fungerer som eit propagandainstrument for diktaturet.
- LES OGSÅ: Bak kulissene i nordkoreansk TV
Eit totalforbod mot mobiltelefonar vart innført i perioden 2004 til 2008. Forbodet kom etter ein jernbane-eksplosjon i 2004.
Styresmaktene meiner det var eit attentatforsøk på den nordkoreanske leiaren Kim Jong-il, og at bomba var fjernutløyst ved hjelp av mobiltelefon.
Etter at forbodet blei oppheva har bruken av mobiltelefon teke seg kraftig opp. Ved utgangen av 2011 var det om lag éin million mobilbrukarar i landet med om lag 24 millionar innbyggjarar, ifølgje Reuters.
Ifølgje organisasjonen Good Friends åtvarar det eineveldige kommunistpartiet, Det nordkoreanske arbeidarpartiet, no folket om at mobilbruk og forsøk på å ta seg ut av landet i løpet av sørgjeperioden vil bli svært hardt straffa.
- LES OGSÅ: Henrettet for å ringe en venn
Flyktar frå svolten
Ein straum av nordkoreanarar flyktar til Sør-Korea som følgje av kronisk matmangel og politisk undertrykking. Sør-Korea husar no meir enn 23.000 nordkoreanske flyktningar.
Regimet mistenkjer at folk som bur nær grensa til Kina brukar kinesiske mobiltelefonar for å halda kontakten med slektningar og vener i Sør-Korea og Kina, ifølgje Good Friends.
Styresmaktene har tidlegare avvist skuldingar om at innbyggjarar blir straffa for ikkje å sørgja nok over det avdøde statsoverhovudet.