Hopp til innhold

No er han «suveren øvste leiar»

Under andre dag av gravferda til Kim Jong-il vart det klart at den 28 år gamle sonen Kim Jong-un no også har fått tittelen «suveren øvste leiar».

Video Kim Jong-un er no øvste leiar

VIDEO: Sjå bilete frå nordkoreansk fjernsyn.

Fleire hundre tusen menneske deltok også i dag i minneseremonien i sentrum av Pyongyang. Det var snøfall og kulde, utan at det såg ut til å ha noko å seie for frammøtet.

«Suveren øvste leiar»

Nord-Koreas nye leiar Kim Jong-un

Kim Jong-un er no også øvste leiaren i Nord-Korea.

Foto: Ap

Kim Jong-un fylgde seremonien frå ein tribune, der han stod saman med militær- og partitoppar. Seremonimeisteren under gravferdsseremonien gjorde det klart at Kim Jong-un no er den «suverene øvste leiar» av det regjerande kommunistpartiet, for militæret og for det koreanske folket.

Han grunngav dette med at Kim Jong-un har arva faren sin ideologiske, karaktermessige og revolusjonære haldning.

Tidlegare har det vore klart at han var øvste leiar for dei væpna styrkane, men elles har han blitt nemnd som «den store arvtakaren».

Det var mange talar, og alle hylla Kim Jong-il som ein stor og viktig leiar for landet. Akkurat klokka 12 lokal tid, klokka tre i natt norsk tid, byrja tog, skip og bilar å tute i kor over heile Nord-Korea.

LES OGSÅ: Kim Jong-un gjekk fremst ved faren si kiste

LES OGSÅ: Nord-Korea tok farvel med sin «kjære leder»

Ei siste helsing

Videoen over frå nordkoreansk fjernsyn viser menneske som står heilt stille med bøygde hovud som lytta til kakofonien av lydar, som var meint som ei siste helsing til Kim Jong-il.

Dei frammøtte stod med bøygde hovud for å ære Kim Jong-il.

Dei frammøtte stod med bøygde hovud for å ære Kim Jong-il.

Foto: NKTV

Minneseremonien i dag sette punktum for den 13 dagar lange sørgjeperioden, som har vart sidan meldinga om at Kim Jong-il var død vart gjort offentleg måndag 19. desember. Han døydde laurdag 17. desember av eit kraftig hjarteinfarkt på ei reise utanfor Pyongyang med tog.

Menneska som deltok i minnehøgtida både i går og i dag såg ut til å vere fullstendig knuste av sorg. Bileta frå nordkoreansk fjernsyn viser menneske som gret hjarteskjerande medan dei følgjer minneseremonien.

LES OGSÅ: Kim Jong-un får enda en tittel

LES OGSÅ: - Fuglane sørgjer over Kim Jong-il

– Solidaritet med offera

Om hyllinga av Kim Jong-il tilsynelatande er unison i Nord-Korea, er det heilt – andre reaksjonar andre stader. Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch har reagert på at FN har flagga på halv stong ved alle sine kontor rundt om i verda.

Ein FN-talsmann seier at dette blir gjort kvar gong ein statsleiar blir gravlagd, uavhengig av kva styreform landet har. Men leiaren for Human Rights Watch, Hilel Neuer, har denne reaksjonen:

– Dette burde vere ein dag då FN viste solidaritet med offera for det nordkoreanske regimet, og ikkje med gjerningsmannen.

Han gjer det klart at det nordkoreanske regimet baserer seg på svolt, undertrygging og tortur.

LES OGSÅ: Sender flygende sokker til Nord-Korea

LES OGSÅ: Nord-Koreas nye leder har onkelen ved sin side

Hylling og protestar i Japan

Minnesamling for Kim Jong-il i japanske Nagoya.

Det var i dag også ei minnesamling for Kim Jong-il i fleire japanske byar, blant dei Nagoya.

Foto: JIJI PRESS / Afp

I utlandet er det få som har hylla Kim Jong-il som ein stor leiar, men i Japan var det mange eksilkoreanarar som samla seg for å markere slutten på gravferdsseremonien i storbyar som Tokyo, Osaka og Nagoya.

Jong Tae-Se, som spelte for Nord-Korea under VM i fotball i Sør-Afrika i 2010, var blant dei som deltok i Nagoya. Han er fødd i Japan av koreanske foreldre, og kunne såleis spele for Nord-Korea. I dag spelar han for den tyske klubben Bochum.

Men også kritikarar av det nordkoreanske styret viste seg fram. Ei gruppe demonstrantar vart haldne borte frå minneseremonien i Tokyo av politiet. Dei ropte slagord med krav om at Nord-Korea skal setje fri bortførte japanarar.

Nord-Korea bortførte på 1970-talet og 1980-talet fleire japanske statsborgarar, som dei tvang til å vere lærarar i japansk for nordkoreanske spionar. Dette har gjort at forholdet mellom dei to landa har vore svært dårleg.

Gravferd Kim Jong-il.

Eit enormt folkehav fylgde andre dag av gravferdsseremonien for Kim Jong-il i Pyongyang i dag.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt