Hopp til innhold

– Massakre på «Den grøne plassen»

Telefonkontakten til Tripoli skal vere stengd etter meldingar om ein «massakre» på Den grøne plassen, nær regjeringskvartalet.

Video Opprør mot Muamar Gaddafi

Opprør mot Muammar Gaddafi.

Libysk tv viser bilete av ein pro-Gadaffi-demo

Samtidig som internasjonale media melder om massakre på Den grøne plassen, viser statleg TV bilete av det dei kallar ein demonstrasjon til støtte for Muammar Gaddafi.

Foto: - / Afp
Muammar Gaddafi

Muammar Gaddafi har ikkje uttalt seg etter at uroa starta.

Foto: STR / Reuters
Saif Al-Islam Gaddafi

Sonen Saif Al-Islam Gaddafi seier faren vil kjempe til siste mann.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Det er nyheitsnettverket Libyan News, som er basert i Geneve, som melder dette, ifølgje Al Jazeera. Det er tidlegare meldt om mobilisering og demonstrasjonar på Den grøne plassen i dag.

Al-Jazeera melder også at militærfly skyt på demonstrantar i Tripoli.

Meldingane er ikkje stadfesta frå uavhengige kjelder.

Ifølgje den statlege fjærnsynskanalen i Libya seier militæret at målet er «terroristar». Mililtæret ber ifølgje kanalen det libyske folket om å samarbeide for å gjenopprette ro og orden.

Gaddafi til Venezuela?

Samtidig kjem meldingar om at to helikopter og to libyske jagarfly har landa på Malta.

Berre ein av dei sju passasjerane skal ha hatt med seg pass. Alle som var om bord er no på immigrasjonskontoret, melder Al-Jazeera.

Øya i Middelhavet er klare til å ta imot europeiske borgarar som vil flykte frå Libya.

Video Libyske jagerfly landet på Malta

Libyske jagarfly landar på Malta.

Den britiske utanriksministeren William Hague seier den mangeårige leiaren Muammar Gaddafi kan vere på veg til Venezuela.

– De spurde meg tidlegare om Gaddafi er på veg til Venezuela. Eg har ingen informasjon om at han er det, men eg har noko informasjon som kan tyde på at det stemmer, seier han ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Venezuela avviser til nyheitsbyrået AFP at desse ryktene stemmer.

– Politiet har flykta

Folk i Libya fortel at fleire byar er overlatne til seg sjølve etter at politiet har flykta frå opptøyane. Ifølgje vitne skal det vere fulltendig kaos i grensebyen al-Zawiya.

– Dei to siste dagane har det vore kampar mellom tilhengjarar og motstandarar av Muammar Gaddafi. Politiet flykta søndag ettermiddag, seier Omar Dhawadi til nyheitsbyrået AFP.

Fleire stader i Libya har regimekritikarar teke over kontrollen. Det gjeld mellom anna i byane Benghazi og Sirte, melder den internasjonale organisasjonen for menneskerettar IFHR.

– Mange byar har tapt kontrollen, spesielt på austkysten. Soldatar har gått over til den andre sida og demonstrerer no mot Gaddafi, seier IFHR-sjef Souhayr Belhassen til AFP.

Demonstrasjon i Libya

Demonstrantar i den libyske byen Benghazi feirar at dei har teke kontroll over eit militært køyrety. No har valden flytta seg til hovudstaden Tripoli.

Foto: Alaguri / Ap

Opptil 400 drepne

Ho vurderer det til at ein stad mellom 300 og 400 menneske er drepne i opptøyane som starta sist veke .

Human Rights Watch har tidlegare sagt at 233 menneske er døde. IFRH seier deira tal er basert på informasjon frå menneskerettsorganisasjonar i Libya.

Amatørvideo av en politistasjon i brann

Amatørvideo av en politistasjon i brann i byen Tobruk i Libya.

Foto: Ap

Andre vitne opplyser til AFP at rapportane frå IFRH om at regimekritikarane har teke over kontrollen ikkje stemmer, og at Gaddafi framleis har kontroll.

BBC melder samtidig at det ser ut til at fleire og fleire klanleiarar sluttar seg til opposisjonen.

– Den austlege delen av landet er nesten fullstendig utanfor rekkevidde for regjeringa, seier BBC-korrespondent Jon Leyne.

– Skal fjerne Gaddafi i dag

Uroa i landet har no teke seg opp også i hovudstaden Tripoli , der regimekritiske demonstrantar har støytt saman med politiet. Ifølgje TV-kanalen Al-Jazeera er 61 menneske drepne der måndag morgon.

Sveriges Televisjon rapporterer at folk i Tripoli vil møtest i dag for å gå til Det grøne torget, der regjeringshuset ligg.

– I dag skal vi fjerne Gadaffi, seier dei.

Ifølgje SVT stadfestar dei meldingane om vald i byen, og ønskjer at verdsmedia skal kome til landet for å rapportere om det som skjer der.

– Vi vil at media skal kome hit så raskt som råd. Dei må vise kva regjeringa gjer mot sitt eige folk, seier ein demonstrant.

Les alt om det som skjer i Libya HER.

Grafitti mot Gaddafi

Plakatar av Muammar Gadaffi er fjerna og erstatta med grafitti.

Foto: - / Afp

Går av i protest mot valden

Den libyske justisministeren Mustafa Mohamed Abud al Jalei skal i dag ha gått av i protest mot reaksjonane mot demonstrantane, melder den libyske avisa Quryna.

Også tre libyske diplomatar som jobbar ved den libyske ambassaden i Stockholm har sagt opp i protest mot valdsbruken i Libya.

– Situasjonen er ikkje haldbar for oss. Vi vil ikkje vere passive og sjå på det som skjer. Vi seier opp i protest og oppfordrar andre til å gjere det samme, skriv dei i eit brev til det svenske nyheitsbyrået TT.

Også den libyske ambassadøren til Storbritannia har gått av, saman med staben sin. Dei skal ha gjort dette for å støtte demonstrasjonane i heimlandet, melder Al Jazeera.

Det same har skjedd i India, Indonesia og Malta, ifølgje CNN, Al-Jazeera og Reuters.

Brenn hus etter kritikk

Sikkerheitsstyrkar i Libya har omringa huset til handels- og industrisjefen, og trugar med å brenne ned huset hans.

Gaddafi sine sikkerheitsstyrkar skal ha omringa huset til Jumaa Al Ousta, som er sjef for handels- og industrikontoret i Libya.

Dei trugar med å brenne ned huset hans etter at han skal ha kome med kritiske kommentarar i eit intervju med Al Jazeera.

SISTE NYTT

Siste nytt