Hopp til innhold

- Hæravdeling støttar opprøret

Over 200 menneske skal vere drepne i uroa i den libyiske byen Benghazi dei siste dagane. Ei hæravdeling i byen skal ha gått over på opprørarane si side.

Video 200 kan vere drepne i Libya

VIDEO: Amatørvideo frå uroa i Benghazi.

Amatørvideoen over, som truleg er teken med mobiltelefon, er blant få bilete som har kome ut frå Benghazi. Abdullah, ein helsearbeidar frå Benghazi snakkar på ei dårleg telefonline på videoen, og han fortel at det er vanskeleg å gi noko eksakt tal på kor mange som er drepne i opprøret mot diktatoren Muamar Gaddafi.

- Over 200 kan vere drepne

Ein anonym kvinneleg lege frå Benghazi som BBC har snakka med, seier at talet på drepne er over 200. Ein lege i byen seier i kveld at minst 50 menneske er drepne berre sidan klokka 14 norsk tid i ettermiddag.

Det kan vere 200 døde sidan uroa starta i Benghazi, kan helsearbeidaren Abdullah ortelje. Han fortel at mange har meldt seg som frivillige til å behandle dei mange såra på sjukehusa, og mange har meldt seg som blodgivarar.

I kveld kjem det meldingar om at ei avdeling av den libyiske hæren i Benghazi har gjort det klart at dei har gått over på demonstrantane si side, og at byen no er «frigjort» frå styrkane til Gaddafi. Denne meldinga er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Samstundes blir det meldt frå Kairo at Libyas faste utsending til Den arabiske liga, Abdel Moneim al-Honi har trekt seg frå stillinga for å «bli med på revolusjonen» i heimlandet.

Video Alvorleg uro i Libya

VIDEO: Sjå reportasjen frå Dagsrevyen om situasjonen i Libya.

Video Reaksjoner på oppøreret i Libya

VIDEO: Reaksjonar på opprøret i Libya.

Han seier også at romma til å oppbevare døde menneske på sjukehusa er overfylte.

Situasjonen i byen er kaotisk, det er snakk om eit stort, sivilt opprør, seier eit vitne til nyheitsbyrået Reuters.

Det verkar som om tryggingsstyrkane ikkje lenger er ute i gatene i Benghazi, men at dei har samla seg i eit stort kommandosenter i byen. Ein demonstrant seier at «resten av byen er frigjort».

Den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera melder at minst 20 menneske vart drepne i går kveld då tryggingsstyrkane skaut på sivile demonstrantar frå hovudkvarteret sitt i byen.

- Tende på huset til Gaddafi

Al Jazeera melder også at det er uro i heimbyen til Gaddafi, Zuowi, og ein journalist har rapportert at demonstrantane har sett fyr på huset til Gaddafi. Dette er ikkje stadfesta av andre kjelder. Det er ikkje noko som tyder på at Gaddafi oppheld seg i huset.

Fleire offentlege bygningar og politistasjonar er sette i brann i Benghazi og i Al Baydi. Ein demonstrant seier på telefon til nyheitsbyrået Reuters at mange soldatar og politifolk har gått saman med demonstrantane.

Offentlig bygning i brann i Al Bayda

Offentleg bygning i brann i den tredje største byen i landet, Al Bayda.

Foto: Ap

Også i dag har fleire tusen menneske samla seg utanfor ein rettsbygning i den nordlege delen av Benghazi. Dei ropar taktfast at dei krev at regimet til Gaddafi skal fjernast, og blir også ropt « Allahu Albar», «Gud er stor».

LES OGSÅ: Midtøsten-ekspert: - Alt eller ingenting for Gaddafi

LES OGSÅ: Snikskyttere skjøt mot sørgende i Libya

- Demonstrasjonar i Tripoli

Det blir meldt på nettsider som Facebook og Twitter at det også har vore mindre demonstrasjonar i hovudstaden Tripoli i dag, blant anna skal ei gruppe advokatar arrangert ein demonstrasjon.

Opprøret i Benghazi er den sterkaste utfordringa regimet til Muamar Gaddafi har møtte sidan obsersten tok makta i landet for over 40 år sidan.

Observatørar som kjenner situasjonen i Libya seier at Gaddafi aldri har stått spesielt sterkt i Benghazi-området, og at det er lite truleg at opprøret her kan true posisjonen hans.

Det er store geografiske skilnader når det gjeld støtte til Gaddafi i Libya, noko som blant anna har med gamle stammetradisjonar å gjere.

LES OGSÅ: Tyrkia flyr hundrevis ut av Libya

LES OGSÅ: Ytringsfrihet på arabisk

LES OGSÅ: – Minst 20 drept i uro i Libya

LES OGSÅ: Uroen sprer seg i Libya

LES OGSÅ: Demonstranter slåss mot politi i Libya

SISTE NYTT

Siste nytt