– Israel valde rasisme og okkupasjon

– Israel valde stien mot rasisme, okkupasjon og busetnader, og ikkje stien mot forhandlingar og samarbeid med oss, seier ein palestinsk leiar om valet i Israel.

Mideast Israel Palestinians Talks

PLO-topp Yasser Abed Rabbo meiner det israelske folk har velt rasisme framfor samarbeid.

Foto: Majdi Mohammed / Ap

Det er Yasser Abed Rabbo, ein høgtståande leiar i Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) som kjem med kritikken mot det israelske folk.

USA uroa over retorikken

Fleire palestinarar har vore særs kritiske til Netanyahu og hans parti Likud vann gårsdagens val.

– Me ser eit israelsk samfunn som er sjuke av rasisme, med ein okkupasjons og busetnadspolitikk. Framfor oss ligg ein vanskeleg veg og kamp mot Israel, seier Rabbo.

Mideast Israel Election

Benjamin Netanyahu kan feire gårsdagens seier. Men frå palestinsk hold kjem de få positive ord rundt israelarane sitt val.

Foto: Oded Balilty / Ap

Benjamin Netanyahu har hatt ein lite forsonande tone med palestinarane, og seinast dagen før valet lova han veljarane at det aldri ville bli oppretta nokon palestinsk stat under hans regime. Han lova også at jødiske busettarar skal få bygge nye busetnader på den okkuperte Vestbreidda.

Det kvite hus seier i kveld at dei er djupt uroa over den splittande retorikken som er brukt i det israelske valet. Men USAs president Barack Obama planlegg å ringe Netanyahu for å gratulere.

Stiller Israel for retten i Haag

Netanyahus hovudmotstandar i gårsdagens val, Isaac Herzog, gjekk derimot til val på å få til ei tostatsløysing med palestinarane. Herzog seier i dag at nokon samarbeidsregjering med Netanyahu ikkje er aktuelt.

Forholdet mellom Israel og palestinske styresmakter har blitt stadig verre etter at fredssamtalar mellom partane braut saman i april i fjor.

ISRAEL-ELECTION/ A worker cleans the floor in Tel Aviv

No startar Israel på ny etter gårsdagens val avgjorde at det ikkje vert noko regimeskifte.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

No varslar PLO at dei vil intensivere arbeidet med å få stilt Israel for den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Det er hendingane frå sommarens krig på Gaza mellom Israel og den væpna palestinske gruppa Hamas som er bakgrunnen for at Israel er meldt inn til domstolen. Palestinarane skuldar Israel for krigsbrotsverk, i tillegg til ulovleg bygging av busetnader.

FN og Brende håpar på samtaler

FN seier i dag at dei ventar at Israel held fram med å bidra til ein fredsprosess i Midtausten og forhandle om ein palestinsk stat, også no som Netanyahu held fram som landets leiar.

– Uansett kva regjering som vert danna etter dette valet, så forventar me at prosessen som tidlegare israelske regjeringar har hatt gåande held fram, slik at me kan halde fram samtalane mellom israelarane og palestinarane for å realisere visjonen om to statar. Israel og Palestina, lever side ved side i fred og tryggleik, seier FN-talsmann Farhan Haq.

Noregs utanriksminister, Børge Brende, har også vore blant dei som håpar at Netanyahu no tek opp att fredssamtalane med palestinarane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt