– Det einaste brotsverket vi veit er gjort, er lekkasje av nokre namn, sa Devin Nunes, då han vart intervjua av Fox News søndag.
Nunes er leiar av etterretningskomiteen representanthuset i USA, og dei har fått i oppgåve å finne ut om president Donald Trump har hatt band til Russland under presidentvalkampen.
Komitéen har bede om å få utlevert store mengder dokument frå etterretningsorganisasjonane.
Basert på informasjonen Nunes har fått så langt, seier den republikanske komitéleiaren at det ikkje er bevis for at det har vore noko slikt samarbeid.
Høyring
Lekkasjane Nunes viser til er opplysingane om at FBI skal ha lekt informasjon til media om at Michael Flynn har hatt kontakt med Russland. Flynn var tryggingsrådgjevaren til Trump, men han gjekk av etter frå veker.
Måndag vert det halde ei open høyring i komitéen. Der skal mellom andre FBI-direktør James Comey og tidlegare leiar for CIA, John Brennan møte. Også Obamas visejustisminister, Sally Yates, er kalla inn til høyringa.
Komitéen skal også undersøkje påstandane frå Trump om at forgjengaren hans skal ha avlytta han før presidentvalet i fjor.
Nunes har allereie peika på at det ikkje finst noko bevis for avlyttingspåstandane i dei dokumenta som komitéen fekk frå justisdepartementet tidlegare i veka.