Hopp til innhold

– Har drøymt om dette valet sidan far og bror vart drepne

I nesten tre år har ein borgarkrig herja Den sentralafrikanske republikk. I går gjennomførte landet eit fredeleg val – mot alle odds. Håpet er at valet kan bli fundamentet for ei ny framtid, seier ekspert.

Central African Republic Elections

Sentralafrikanarar hadde møtt opp i hopetal, i alle fall i hovudstaden Bangui, for å delta i valet i Den sentralafrikanske republikk i går.

Foto: Herve Serefio Diaspora / Ap

Tusenvis av menneske møtte opp ved vallokala i den sentralafrikanske landet. I fargerike klede stod dei tolmodige og venta på å få kaste si stemme. Deira ønske var å bidra til eit demokratisk og stabilt land etter fleire år med uro og vald.

– Har drøymt om valet i to år

Vinnaren av valet skal erstatte overgangspresidenten Catherine Samba-Panza som vart sett inn etter at opprørarar hadde kasta tidlegare president Francois Bozize.

– Sentralafrikanarar har møtt opp i store masser, sa ein nøgd talsmann for den nasjonale valkomiteen.

CAFRICA-POLITICS-VOTE-UNREST

Stemmer vert talte etter valet i Den sentralafrikanske republikk i går.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Fleire har vore kritiske til å gjennomføre eit val i Den sentralafrikanske republikk (SAR) sidan det framleis er uroleg i landet, og valet har blitt utsett fleire gonger.

Men gårsdagens val fann stad utan vald og uro, skriv nyheitsbyrået Reuters. Behovet for å få ein demokratisk vald leiar viste seg til slutt å vere større enn frykta for uro.

– Eg har drøymt om dette valet i to år sidan den dagen væpna menn drap min far og bror i Bangui. Eg stemte for fred, sa Ahmat Abouna til Reuters utanfor vallokalet i den kamerunske byen Garoua-Boulai ved grensa mellom Kamerun og SAR.

CENTRALAFRICA-ELECTION/ Electorate queue to cast their ballots at a polling station set up at the Hotel De Ville during the presidential election in Bangui CAR

Ved Hotel de Ville i Bangui var det mange som ville gje si stemme i går.

Foto: STAFF / Reuters

– I beste fall eit ganske uperfekt val

Det er rundt 30 presidentkandidatar. Martin Ziguele, som fekk støtte frå den kristne militsgruppa anti-balaka, og tidlegare statsminister Anicet-Georges Dologuele er dei største favorittane. Overgangspresident Samba-Panza hadde ikkje lov til å stille til val.

– Det er i beste fall eit ganske uperfekt val, men håpet er at valet kan bli byrjinga på ei ny framtid for Den sentralafrikanske republikk, seier Afrika-ekspert Morten Bøås ved NUPI.

CAFRICA-POLITICS-VOTE-UNREST

Tidlegare statsminister Anicet Goerges Doleguele er ein av kandidatane til å bli ny president i Den sentralafrikanske republikk.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp
CAFRICA-POLITICS-VOTE-UNREST

Martin Ziguele har også gjort sitt beste for å overtyde folket i Den sentralafrikanske republikk om at han bør bli landets neste leiar.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Han viser til at det er usikkert om det var mogleg å få stemme i store deler av SAR, og at kvar femte innbyggjar er på flukt og difor hindra frå å delta i valet. Men trass i utfordringane kan valet bety starten på noko nytt i SAR, seier Bøås.

– Det beste utfallet ein kan få er at den som vinn dette er såpass samlande at dette valet ikkje fører til nye konfliktar. At valet vert respektert av både dei kristne og muslimske opprørsgruppene, og at ein kan bruke dette valet som eit fundament for å bygge Den sentralafrikanske republikk.

Forsker Morten Bøås

Forskar og Afrika-ekspert ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI), Morten Bøås, meiner det må langsiktige utanlandske investeringar til for å kunne få SAR opp på beina.

Bøås understrekar at det er naudsynt med utanlandske investeringar om SAR skal klare å reise seg att.

Resultatet av gårsdagens val er venta å kome i løpet av dei neste dagane.

SISTE NYTT

Siste nytt