Hopp til innhold

– Hadde ofte besøk av barnebarna

Naboar til huset der tre jenter har vore haldne fanga i ti år, fortel at den no arresterte huseigaren ofte hadde besøk av barnebarna sine der.

Politiet gjer undersøkingar i huset der tre jenter har vore haldne mot si vilje i ti år i Cleveland.

Tekniske ekspertar frå Cleveland-politiet undersøkjer huset der tre jenter har vore haldne mot sin vilje i ti år.

Foto: BILL PUGLIANO / Afp

Naboen Charles Ramsey fortel til AFP at den arresterte huseigaren, skulebussjåføren og musikaren Ariel Castro (52), var ein sosial og hyggjeleg mann. Han og dei andre naboane er i fullstendig sjokk etter avsløringane av at tre jenter har vore haldne der mot sin vilje i ti år. .

Ariel Castro er arrestert i bortføringssak.

52 år gamle Ariel Castro er sikta for å ha halde tre jenter i huset sitt mot sin vilje i ti år. (Bilete frå Facebook-profil)

Foto: Facebook

– Desse jentene har vore innelåste i vår eigen bakgard, seier han medan han ristar på hovudet.

Les: Bortført kvinne fikk barn i fangenskap
Les: – Amanda Berry er den virkelige heltinnen i dag

Hadde aldri mistanke

Han fortel at han ofte hadde grilla saman med Castro i hagen hans, og at han aldri hadde hatt mistanke om at noko ikkje var som det skulle i huset.

– Det var ikkje noko spesielt spennande med han, vel, før i dag då, seier Ramsey i eit fjernsynsintervju.

Det var Ramsey som i natt norsk tid oppdaga at ei av dei innestengde jentene, Amanda Berry, prøvde å kome seg ut av huset. Ho greidde berre å få døra så vidt på gløtt, men han høyrde at ho ropte på hjelp.

Sparka inn døra

Ramsey hjelpte henne ved å sparke inn ytterdøra, og han ringde straks til alarmtelefonen 911. Berry hadde med seg ei lita jente, fortel han, og ho verka redd for at Ariel Castro skulle kome tilbake. Ho fortalde at det var to andre jenter inne i huset som vart haldne fanga inne i huset.

Reportasje fra Dagsrevyen 12.

VIDEO: 10 år gammalt bortføringsdrama over i Cleveland.

Slektningar har stadfesta at den vesle jenta Amanda Berry hadde med seg, var dottera hennar. Jenta var altså fødd i fangenskap. Det har gått rykte om at det har vore eit barn til inne i huset, men dette er ikkje stadfesta.

I samtalen med politiet sa ho at det var Ariel Castro som hadde halde dei fanga i ti år, og at han ikkje var heime. Ho bad dei skunde seg før han kom tilbake.

Ariel Castro er 52 år gammal. Dei lokale styresmaktene i Cleveland stadfestar at han har jobba som skulebussjåfør i byen, men vil ikkje gi ytterlegare opplysningar.

Naboane trudde han budde åleine i huset, men fortel at han ofte hadde besøk av dottera og borna hennar. Også dei to brørne hans var ofte der. Dei to brørne er arresterte saman med huseigaren.

Sjokkert onkel

Onkelen deira Julio Castro driv ei daglegvareforretning i nabolaget. Han stadfestar overfor CNN at Ariel Castro eig det aktuelle huset og at han er arrestert. Han er sjokkert over det som har skjedd, og han seier at han ikkje har noko ynskje om å besøke dei tre i fengselet.

Julio Castro fortel også til CNN at dei to brørne har hatt ein livsstil prega av mykje alkohol, men at han så vidt han kjende til så hadde Ariel ikkje slike problem.

Sakna-plakat for Gina DeJesus.

Ein av mange plakatar som har etterlyst dei sakna jentene i Cleveland.

Foto: Tony Dejak / Ap

Familien har bakgrunn frå Costa Rica, og det heng eit Costa Rica-flagg på trappa utanfor huset som politiet no undersøkjer.

Latinomusikar

På Facebook-profilen til Ariel Castro har han ført opp «Grupo Fuego» som yrke. Det er eit «tropical/merengue music band» frå Cleveland, som vart danna i 1999. Dei har spelt på mange festivalar for latinomusikk og multikulturelle arrangement.

Det siste han har lagt ut på Facebook-sida si, er dette sitatet frå 2. mai:

«miracles really do happen, God is good :)» (Det skjer verkeleg mirakel, Gud er god).

Etter kvart som natta har gått over til dag i USA har hatmeldingane strøyma inn på Facebook-sida hans.

SISTE NYTT

Siste nytt