Normal

– Fredsforhandlingar med Taliban

USA og fleire andre land har starta fredsforhandlingar med Taliban-geriljaen i Afghanistan, ifølgje den afghanske presidenten Hamid Karzai.

Video Gro Holm møter Hamid Karzai

Fredssamtalane med Taliban er i gang, ifølgje den afghanske presidenten Hamid Karzai.

Foto: Nyhetsspiller

– Fredsforhandlingane med Taliban er i gang. Miltitærstyrkar frå utlandet, og spesielt USA, held fram med samtalane, seier Karzai på ein pressekonferanse i Kabul i dag.

Samtalane skal ifølgje nyheitsbyrået Reuters ha pågått i fleire månader allereie, men dette er den første offisielle stadfestinga på at USA deltek i forhandlingane.

Den amerikanske ambassaden nektar å kommentere uttalelsen frå Karzai.

Færre soldatar

Tidlegare denne månaden sa forsvarsministeren i USA Robert Gates at politiske samtalar med Taliban kunne kome til å skje innan utgangen av dette året, om NATO ville klare å gjere framsteg.

Mange i Afghanistan fryktar at samtalar mellom utanlandske militærstyrkar og Taliban kan øydeleggje mykje av framgangen som har kome i landet etter at Taliban-styret vart kasta i 2001.

Ifølgje senator Harry Reid kjem USA om kort tid til å kunngjere at dei vil trekkje fleire soldatar ut frå Afghanistan.

Det er per i dag 100.000 amerikanske soldatar i Afghanistan. Det er nesten tre gonger så mange som då Barack Obama tok over presidentvervet i 2009.

– Kutt band til Al Qadia

Taliban har tidlegare sagt at dei ikkje vil delta i fredssamtalar før utanlandske styrkar er ute av landet, og at slike forhandlingar berre vil skje med den afghanske regjeringa.

Tidlegare i år kravde utanriksminister i USA Hillary Clinton at Taliban skulle kutte band til terroristnettverket Al Qaida, stanse all bruk av vald og vedkjennes seg grunnlova i Afghanistan.

Ifølgje Clinton var det den einaste måten Taliban kunne bli forsont med det afghanske samfunnet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt