NRK Meny
Normal

– Kortvarig Obama-gevinst etter bin Laden-drap

President Barack Obama får fjør i hatten for å ha teke livet av amerikanarane sitt framste hatsymbol, Osama bin Laden. Men bragden blir neppe tunga på vektskåla i presidentvalet neste år, meiner USA-ekspert.

President Barack Obama

President Barack Obama blir i dag hylla verda over etter å ha kunngjort at Al Qaida-leiaren Osama bin Laden omsider er drepen. Om han neste år blir jubla fram som president for fire nye år, er likevel uvisst.

Foto: Manuel Balce Ceneta / Ap

Jubelen står i taket i heile USA etter meldinga om drapet på Osama bin Laden.

Jubelscenane har vore elleville framfor det Kvite hus i Washington, og mange tusen menneske samla seg i natt på Ground Zero i New York for å feira at at Al Qaida-leiaren er død.

Men jubelen over Obamas bragd kan ha stilna lenge før amerikanarane skal gå til valurnene neste år.

Video Reaksjoner fra amerikanske folk

SJÅ VIDEO: Amerikanske reaksjonar på Osama bin Ladens død.

– Historisk bragd

Osama bin Laden

Terroristen Osama bin Laden har vore USA folkefiende nummer éin.

Foto: AP
Helge Lurås

Helge Lurås er politisk rådgjevar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Foto: NUPI

Jakta på mannen som stod bak 11.september-åtaket, då 3000 amerikanarar vart drepne, har vore ein verkebyll for amerikanske styresmakter i nesten ti år. Først for George W.Bush, deretter for president Barack Obama.

– Obama vil bli hugsa som presidenten som tok livet av den mest forhatte mannen blant amerikanske borgarar, seier rådgjevar Helge Lurås ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Han meiner bragden vil gå inn i historia, og ha ein utelukkande positiv effekt på Obama sin popularitet på heimebane.

– Drapet på bin Laden var ein innanrikspolitisk veldig viktig bragd for Obama. Demokratane har generelt fått kritikk for å vera svake og passive i tryggingspolitiske spørsmål, seier Lurås.

I gløymeboka?

Før Obama natt til måndag norsk tid informerte om at verdas mest ettersøkte og forhatte terrorist var død, gjorde han det ikkje særleg godt på amerikanske popularitetsmålingar.

Dei siste vekene har rundt 48 prosent av dei spurde vore misnøgde med presidenten, medan 45-46 prosent har gjeve han støtte. Dersom han skal vera sikker på å vinna eit attval, bør han få tommelen opp frå godt over 50 prosent av opinionen.

Svein Melby

Svein Melby er forskar ved senter for transatlantiske studiar, Institutt for Forsvarsstudier (IFS).

Foto: IFS

USA-ekspert og forskar ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS), Svein Melby er samd i at Obama vil kunne hausta godt av nyheita om bin Ladens død - men truleg berre på kort sikt.

– Dette er ei fjør i hatten for Obama. I den nærmaste tida vil dette sikkert gje den amerikanske presidenen eit lyft på meiningsmålingane. Den politiske betydinga av slike einskilde nyheitshendingar har likevel ein tendens til å falle ganske raskt, fortel Melby.

Sjølv om bin Laden-drapet vil gå inn i historiebøkene, kan den med andre ord også gå inn i gløymeboka før presidentvalet den 6.november 2012. Om Obama får fornya tillitt til å fortsetja som president i fire nye år, kviler på heilt andre ting, ifølgje Melby.

(Saka held fram under biletet)

Da folket valgte Obama

Barack Obama slo motkandidaten John McCain presidentvalet i 2008. Spørsmålet er no om han er populær nok til å sikra attval i 2012.

Foto: NRK

– Arbeid og bensin tel meir

– Obama sin popularitet og hans sjansar til attval er i langt større grad avhengig av den økonomiske situasjonen i USA. For den gjengse borgar er det kvardagslege utfordringar som tel mest når dei skal levera stemmeseddelen sin.

Melby viser til at mange amerikanarar framleis slit med å få endane til å møtast etter finanskrisa som oppstod i 2008.

Han peikar på arbeidsløyse, høge bensinprisar og økonomisk uvisse som tema han meiner vil bli langt meir avgjerande i neste års valkamp enn bin Ladens død.

Utviklinga i Afghanistan avgjer

Unntaket er, ifølgje IFS-forskaren, dersom likvideringa av den forhatte terroristen fører til ei ny, positiv utvikling i krigen i Afghanistan, som lenge har stått på staden kvil.

– Dersom det skjer endringar i riktig retning i Afghanistan, vil ein kunne argumentera for at drapet på bin Laden var ein utløysande årsak til suksess. Dersom det skjer, kan Obama og Demokratane hausta stor gevinst av å ha lukkast i ein så stor utanrikspolitisk sak som krigen mot terror.

Osama Bin Laden Død

Amerikanske borgarar feira i natt at Osama bin Laden er teken av dage.

Foto: JIM YOUNG / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt