Hopp til innhold

– Forholdet mellom Danmark og USA ikkje i krise

KØBENHAVN (NRK): Danmarks statsminister Mette Frederiksen seier det er ergerleg at Donald Trump har avlyst besøket i Danmark, men avviser at forholdet mellom dei to landa er i krise.

Danmarks statsminister Mette Frederiksen om at president Donald Trump likevel ikke kommer til Danmark

Danmarks statsminister Mette Frederiksen avviser at forholdet til USA er i krise.

Mette Frederiksen sa på ein pressekonferanse klokka 15 at ho hadde sett fram til at den amerikanske presidenten skulle besøke Danmark, og at det var mange viktige spørsmål dei skulle ha drøfta, ikkje minst om Arktis.

– Invitasjonen om eit sterkare samarbeid med USA om Arktis og andre spørsmål står framleis, og avlysinga endrar ikkje det gode forholdet mellom Danmark og USA. Vi har ein god dialog med USA, og eg ser ingen teikn til at dette skal endre seg, sa Mette Frederiksen blant anna.

– Vår viktigaste allierte

Donald Trump.

Donald Trump likte dårleg at Danmarks statsminister ikkje ville diskutere eit sal av Grønland, og avlyste like godt besøket til landet.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

Statsministeren kalla USA Danmarks viktigaste allierte, og ho sa at ho håpar at Donald Trump vil kome tilbake til Danmark seinare. Invitasjonen står fast, seier ho.

Den første reaksjonen til den ferske danske statsministeren var litt mindre diplomatisk enn det ho gav uttrykk for i ettermiddag. Hennar første reaksjon var at tilbodet frå Trump var «absurd», men på pressekonferansen sa ho at det var «ergerleg» at den amerikanske presidenten hadde avlyst besøket.

På direkte spørsmål frå journalistar sa ho likevel at ho var skuffa og overraska over at Donald Trump plutseleg avlyste besøket i Danmark. Han skulle etter planen ha besøkt landet 2.- og 3. september etter eit besøk i Polen.

Stor oppsikt

Det vekte stor oppsikt då Trump i dag gav beskjed om at besøket ikkje lenger var aktuelt, fordi Mette Frederiksen ikkje ville diskutere eit eventuelt sal av Grønland. Grønland er i dag eit sjølvstyrt territorium under Danmark.

Augo Jakob Jakobsen.

Grønlendaren Augo Jakob Jakobsen samanliknar Donald Trump med eit lite barn som alltid har fått det han har peika på.

Foto: Charlotte Bærrefjord / NRK

Ho har gjort det klart at Danmark ikkje kan selje Grønland, fordi det eventuelt er ei avgjerd som grønlendarane sjølve må ta. Leiaren for sjølvstyret på øya har blankt avvist at Grønland er til sals.

Grønland og Trump – det handler om stormaktspolitikk

– Reagerer som eit barn

Også den vanlege grønlendar ristar på hovudet av utspelet frå Donald Trump. I sentrum av København i dag møtte NRK Augo Jakob Jakobsen frå den grønlandske hovudstaden Nuuk. Han kjem frå ferie på Mallorca, og er på veg heim.

– Det er nesten ikkje til å tru. Trump reagerer barnsleg, omtrent som eit lite barn som ikkje får viljen sin, ein som er van med å få alt han peikar på, seier Jakobsen til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt