Hopp til innhold

– Fleire skadde i slagsmål i Hongkong

Fleire personar skal vere skadde etter samanstøyt i eit av Hongkongs handlestrøk. No har politiet stilt seg opp mellom demonstrantar frå demokratirørsla og motdemonstrantar som er leie av uroa.

TOPSHOTS-HONG KONG-CHINA-POLITICS-DEMOCRACY

Politiet prøver å rydde plass til ein ambulanse som vil fram. I dag måtte også politiet i Hongkong stille seg mellom pro-demokratiske demonstrantar og Kina-sympatisørar som hamna i slåstkamp. Fleire skal ha blitt skadde.

Foto: ANTHONY WALLACE / Afp

Uroa braut ut i Mong Kok-området fredag. Store deler av innbyggjarane i Hongkong er leie av demonstrasjonane, og er ikkje einige med den pro-demokratiske demonstrantane.

Vitne seier at fleire er skadde, men det er ukjent kor mange det er snakk om. Uroa starta då ei gruppe prøvde å fjerne barrikadane til demonstrantane og telt med forsyningar.

Den største hovudpina for studentane og Occupy Central no er at Hongkong nærast er delt på midten. TV-bileta viser at fleire hundre tusen demonstrantar er ute i gatene, men likevel er det ikkje slik at alle støttar protestane.

LES OGSÅ: Demonstrantene bøyer ikke av

Mange av dei som er mot demonstrasjonane er butikkeigarar eller andre som er avhengige av turistnæringa. På grunn av demonstrasjonane har det ikkje vore like mange kinesiske haustferieturistar i Hongkong som vanleg, og det har ført til store tap for byens handelsstand.

Også mange eldre og meir konservative borgarar misliker uroa som demonstrasjonane skaper.

Seint torsdag kveld understreka Hongkongs øvste politiske leiar Leung Chun-ying at han ikkje ville gå av ved midnatt slik demonstrantane kravde.

Det skal vere semje om å starte samtaler mellom demonstrantane og byens nestleiar Carrie Lam, for studentane har nekta å møte administrasjonssjef Chun-ying.

SISTE NYTT

Siste nytt