Hopp til innhold
Korrespondentbrev

– Eg vart heilt sveitt av å sjå biletet eg hadde lagt ut 14 år tidlegare

Eg trudde det var det perfekte profilbiletet. Når eg ser på biletet i dag ser eg berre mine eigne trøblete tankar om Afrika.

Bilete av Vegard Tjørhom og to sørafrikanske barn i 2007. Biletet er redigert for å anonymisere barna.

Eit minne frå ein ferietur. Men også eit bilete med ein underliggande bodskap. Biletet er redigert for å anonymisere dei to borna.

Eg sat på huk, med eit barn i fanget, og eit anna barn ståande på sida av meg. Me smilte alle til kamera. Også sa det «klikk».

Eg var i ein landsby i Sør-Afrika saman med resten av folkehøgskuleklassen min. Me gjekk på ei bistandslinje og hadde vore i landsbyen nokre dagar. No hadde eg fått festa eit minne til minnekortet.

Me hadde leika med borna nokre dagar. Dagen etter biletet vart teke, så reiste me vidare. Me nøyt livet som turistar i Sør-Afrika. Stod på surfebrett og klatra fjelltoppar. Drog på shoppingsenter og safari.

Stive smil i 14 år

Med meg tilbake til Noreg hadde eg mange gode minne, og deriblant dette her biletet av meg og dei to borna.

Eg visste ikkje namna deira, eller kor gamle dei var. Foreldra deira hadde eg aldri møtt, og endå mindre spurt om lov til å fotografere borna deira.

Men eg tok meg jo bra ut på biletet, så kva var meir naturleg enn å legge det ut som profilbilete på Facebook?

Og biletet vart liggande slik, sjølv om eg bytta profilbilete fleire gonger. Dei to smilande borna heldt fram å smile til dei som besøkte Facebooksida mi.

Heilt til i fjor.

Eg kjeda meg sikkert litt og bladde bakover i profilbileta mine. Eg vart heilt sveitt av å sjå biletet eg hadde lagt ut 14 år tidlegare.

«Helten» i Sør-Afrika

Eg skal vere ærleg. Biletet hadde hamna på Facebook fordi eg hadde eit behov for å vise meg fram som ein omtenksam og snill type.

Men kvifor visste eg at eit bilete av meg og to barn ville få mange til å tenke slike tankar om meg?

Jo, fordi barna var afrikanske, og nordmenn var vane til å bli fortalt at afrikanarar er folk som treng hjelp og omsorg.

Det var det som gjorde meg sveitt. Å innsjå at det var slik det hang saman.

Kanskje har du høyrt om «white saviour complex». Ein slags idé om at den kvite mann reddar den svarte mann.

Det å hjelpe andre er jo noko bra, men det må gjerast utan å få andre til å framstå som stakkarslege. Og det å hjelpe andre må aldri handle om at du sjølv skal framstille deg som ein helt. Då er me ute å køyre.

Og la det vere heilt klart. Dei to borna i Sør-Afrika fekk null hjelp frå meg, og sannsynlegvis trengde dei ikkje noko form for hjelp heller.

Likevel framstilte eg heile situasjonen som om eg var noko meir enn ein vanleg turist då eg reiste til Sør-Afrika.

Stacey Dooley holder et afrikansk barn på armen.

Mange kjendisar har vore på korte turar for å promotere bistandsarbeid. BBC-journalist Stacey Dooley fekk mykje kritikk etter at ho var med organisasjonen Comic Relief og la ut mellom anna dette biletet. Organisasjonen vedtok seinare at dei ikkje skal sende fleire kjendisar på promoteringsreiser.

Foto: Stacey Dooleys Instagram-konto

Bistandsturisme og slumsafari

Året etter folkehøgskulen reiste eg på ny til Afrika. Denne gongen til Kenya. Det var då eg så smått begynte å forstå at ein norsk 19-åring faktisk ikkje er den som er best kvalifisert til å passe på eller undervise afrikanske barn.

Men eg hadde pengar nok til å betale for eit opphald på seks månader. Eg reiste ned med ein tanke om at eg skulle bety ein forskjell for andre. Jodå, eg fekk nokre vener. Men då eg reiste heim att var det ingen tvil om at den som hadde fått absolutt mest ut av året, var meg sjølv.

«Bistandsturisme» er eit anna namn på det eg dreiv på med. At du betaler pengar for å reise til eit utviklingsland for å jobbe frivillig.

Eg fekk etter kvart stukke fingeren i afrikansk jord, og innsåg at opplegget eg var med på ikkje handla om å redde verda.

Det handla derimot om at eg skulle lære om meg sjølv, landet eg besøkte og folka eg møtte. Og det var ein type lærdom eg verkeleg trengde.

For eg har tenkt mykje på dette. Kvifor tenkte ein norsk 19-åring at han berre kunne sette seg på eit fly til Afrika og hjelpe folk?

Det er noko problematisk med at eg såg på meg sjølv på ein slik oppheva måte, og at eg såg på Afrika på ein slik nedlatande måte.

Korogocho er ein bydel i Nairobi med ein høg andel fattige.

Tjørhom jobba frivillig i bydelen Korogocho, der dei fleste innbyggjarane har liten inntekt.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

Året i Kenya introduserte meg også for omgrepet «slumsafari». Altså turistar, ofte kvite i huda dei også, som er på besøk i ein fattig bydel.

Formålet med turen kan vere så mangt, men ein kan ikkje legge skjul på at enkelte av dei som er på slumsafari er mest nysgjerrige på korleis ekstrem fattigdom ser ut.

Eg fekk høyre om «slumsafari» fordi eg jobba som frivillig i ein slum. Ja, eg dreiv altså på med «bistandsturisme».

Ein av dei eg jobba saman med fortalde at det ikkje var alle som likte å sjå kvite folk i slummen, fordi dei ofte var der i nokre timar for å sjå folk leve livet sitt, for deretter å reise igjen.

Som ein dyrehage, meinte nokre av dei eg møtte. Eg forstod godt kva dei meinte.

Les også Hva hadde du tenkt hvis hjemmet ditt ble en attraksjon?

Rocinha foto

Bistand, journalistikk og Afrika

Både «white saviour complex», «bistandsturisme» og «slumsafari» har ein del gode intensjonar ved seg, men berre det at det finst slike ord fortel meg at me har eit problem.

For slike ord osar av «oss og dei».

Eg trur ikkje eg er åleine om å ha sett på Afrika som eit kontinent som treng omverdas hjelp.

Eg trur jo desse tankane oppstår fordi ein har omtanke for andre menneske.

Men tankane eksisterer også fordi bistandsbransjen har gjort kommunikasjonen sin for enkel, og norske mediehus har gjort Afrika-kunnskapen vår altfor snever.

Det finst flust av døme på forteljinga om at den kvite mann kan redde Afrika. Legar utan grenser tok nyleg eit oppgjer med sin eigen kommunikasjon.

Dei innrømma at dei i altfor stor grad hadde brukt bilete av kvite legar og sjukepleiarar når dei fortalde om arbeidet i Afrika. Fakta er at dei aller fleste tilsette i Legar utan grenser er lokale.

Radiatorhjelp til Noreg

Og det finst organisasjonar som har vore langt verre. I nokre reklamefilmar kan du sjå eit afrikansk barn sitte heilt åleine i eit mørkt rom, og ei trist stemme fortel deg noko som berre kan tolkast i retning av at dette barnet er avhengig av din hjelp for å klare seg.

Når eg ser slike reklamar lurer eg litt på kva idear som vart forkasta under idémyldringa. For reklamen viser ikkje eit snev av sanning, og det at ein nordmann vippsar 100 kroner i ein reklamepause er uansett ikkje løysinga på det barnet sitt problem.

Om det afrikanske barnet i reklamen faktisk treng hjelp, så er det nokon vaksne rundt barnet som kan gje den hjelpa.

Reklamen er berre laga for eitt formål: Å få fleire til å gje pengar. Isolert sett er det ei fin greie.

Problemet er at reklamen også er med på å bygge opp under vårt tanke om at Afrika er eit kontinent som treng vår hjelp.

Slik kommunikasjon tok studentorganisasjonen SAIH eit oppgjer med for nokre år sidan, der dei laga ei fengande låt som handla om å sende radiatorar til Noreg. TV-bileta som afrikanarane fekk sjå viste at det var ufyseleg vêr og kaldt der oppe i nord.

Kampanjen hadde eit viktig poeng. For det ligg mykje definisjonsmakt i kommunikasjon. Og nordmenn har i mange tiår blitt utsett for kommunikasjon som teiknar eit bilete av Afrika som eit kontinent i stor naud.

Så då er det kanskje ikkje så rart at eg som 19-åring faktisk trudde at eg kunne bety ein forskjell ved å sette meg på eit fly til Afrika?

Les også Slumturist i ferieparadis

Portugiske Jorge fotograferer i Kibera-slummen

Veit dei at det snart er jul?

Ja, også nemnde eg media. Eg har kjent på det mange gonger etter at eg vart journalist. Det er bortimot umogleg å yte rettferd til Afrika i norsk mediedekning.

Det er stor kamp om plassen i sendingar og på nettforsider. Sakene som handlar om Afrika blir fort få, og når dei først kjem er det for ofte saker om konflikt eller krise, fordi det er jo mange gode grunner til å lage saker om slikt.

Men resultatet blir at me journalistar i for stor grad rapporterer om afrikanske problem. Så at det over tid etablerer seg fordommar om Afrika er kanskje ikkje så rart.

Eg er heilt i starten av mine tre år som Afrika-korrespondent. Eg veit at eg kjem til å skrive om krig, konflikt og fattigdom. Fordi det finst i Afrika, akkurat slik som det finst i Asia, Amerika og Europa.

Og eg veit at eg kjem til å skrive om glede, engasjement og framtidsoptimisme. Fordi det finst også i Afrika, akkurat slik som det finst i Asia, Amerika og Europa.

Eg har fleire mål. Eit av dei er å bidra til at færrast mogleg afrikanske barn skal måtte pryde profilbiletet til tilfeldige folk som meg.

Og, ja, dei veit at det snart er jul.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?

SISTE NYTT

Siste nytt