– Eg føler meg forferdeleg misbrukt.  Eg har kjempa mot sinne og hat

MOSKVA (NRK): I dag fekk den spionsikta Frode Berg tre nye månadar i varetekt i Moskva. Han vart arrestert med 3000 euro i kontantar på seg i desember, og er sikta for medverking til spionasje.

Frode Berg vart ført inn av to maskerte tryggingsvakter frå FSB (russisk etterretning). Ganske mange norske journalistar har kome for å følgje denne saka. Berg fekk berre så vidt nikka til dei frammøtte journalistane.

Ikkje uventa forlengde domstolen varetektsfengslinga med tre månadar.

Vil ikkje ha besøk av familien

– Får du besøk av familien snart, spurde NRKs korrespondent. – Nei, eg har sagt nei til det. Det vert for vanskeleg når eg sit på isolat, svara Berg då dei norske journalistane fekk snakke med han i etterkant av rettsmøtet.

Sjå meir av intervjuet med Berg her:

foto: Morten Jentoft

– Kva vil du gjere vidare no, tre nye månader i varetekt?

– Eg kjem til å snakke vidare med advokaten min. Elles så må eg tenkje og skrive, seier Berg.

– Uverkeleg

Han forstår ikkje kva han har gjort gale.

– Det er uverkeleg, eg er skulda for noko eg ikkje har gjort.

Morten jentoft

BAK GITTERET: Frode Berg sat i bur under rettsmøtet i dag.

Foto: Morten jentoft / NRK

– Eg hadde ikkje aning da eg kom til Moskva 4. desember. Eg skulle berre på julegåvehandel og besøke nokre vener.

– Men dei seier at du hadde med deg noko til nokon i Moskva og at det er derfor du sit inne?

– Ja, det hadde eg, men ikkje noko som er ulovleg.

Eg kan ikkje sei noko om dei som gav meg dette. Det var jo eg som drog til Moskva, og eg har vore her i mange samanhengar, seier Berg til NRK.

– Eg føler meg forferdeleg misbrukt. Eg har kjempa mot sinne og hat, fortel Berg til NRK om kjenslene sine når det gjeld de som gav ham pengane og materialet som han no sit fengsla for.

Berg må sitte fengslet i minst tre måneder til

Berg er optimist

– Fryktar du at du kan bli sitjande lenge, spør NRK.

– Nei, svarar Frode Berg kort.

– Kva er det som gjer at du er optimistisk?

– Eg veit ikkje om eg kan seie så mykje om det. Men eg tek utgangspunkt i samtalar med advokaten min, og også det som vart sagt her i rettslokalet i dag, før pressa slapp inn, seier Berg. – Eg er jo ikkje komen hit for det eg vart skulda for.

FSB meiner Berg er ein spion

Ifølgje russiske medium, er den 62 år gamle pensjonerte grenseinspektøren skulda for å ta i mot hemmelege dokument om den russiske marinen.

Ifølgje desse rapportane skal han hatt kontakt med ein russisk statsborgar som sit arrestert, mistenkt for landsforræderi.

Da han vart arrestert hadde Berg 3000 euro i kontantar på seg. Men framleis er detaljane uklare.

No står att det å sjå om offentlegheita får vite noko meir om bakgrunnen, kven han skulle levere desse pengane til, og om dette var noko han vart lokka til å gjere, eller var det ei bevisst handling.

Frode Berg på veg inn til fengslingsmøtet 02. februar 2018

FØRT INN I RETTEN: Frode Berg rakk å nikke så vidt til norsk presse, før han vart ført inn i rettssalen.

Foto: Morten Jentoft / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt