Hopp til innhold

– Den største motgifta er å omfamna dei

KØBENHAVN (NRK): Khaterah Parwani (30) var ein del av det radikaliserte, muslimske miljøet i Danmark. I dag hjelper ho radikalisert ungdom, men styresmaktene sine 12 nye antiterrortiltak har ho ikkje tru på.

Blomar ved synagogen i København etter terroren

Det ligg framleis blomar til minne om terroroffera i Krystalgade i København, nær synagogen. Khaterah Parwani (30) er tidlegare radikal muslim og meiner styresmaktene gjer dumt i å ikkje involvera folk som henne i utformina av antiterror-tiltak.

Foto: Tove Gerhardsen / NRK

Døra står allereie på gløtt når me kjem opp trappa til tredje etasje i Khaterah Parwani si leilegheit i Vanløse i København, hovudstaden som blei råka av terror 14. februar i år.

Det er svært lite som minner om eit radikalisert, muslimsk miljø i den lyse stova der me får servert kaffi av Royal Copenhagen-koppar. Men Parwani har ei hard tid bak seg og ein dyrekjøpt erfaring frå eit miljø som alle i dag snakkar om – men som svært få eigentleg kjenner.

– Korleis ... eg trur heller ein skal kikka på kor tid, svarar Parwani på NRK sitt spørsmål om korleis ho hamna i miljøet.

Identitetskrise

Tidlegare radikal muslim i Danmark, Khaterah Parwani

Ein tur til Afghanistan fekk danske Khaterah Parwani til å trekkja seg ut av det radikale muslimske miljøet i Danmark.

Foto: Tove Gerhardsen / NRK

Foreldra til Parwani flykta frå Afghanistan då ho var tre år gamal. Som gymnaselev hadde ho allereie lenge vore forvirra over kven ho var, både kulturelt og religiøst. Begge foreldra var sjuke og ho kjende seg einsam og fall i ei typisk radikaliseringsfelle.

– Det er snakk om ei eller anna form for identitetskrise og behovet for å høyra til, seier ho.

Det var ikkje berre på det personlege planet at tidspunktet var avgjerande. 11. september kom, og på gymnaset hennar heldt dei eitt minutts stille for offera i New York. Etter nokre veker spurte ho rektoren om ikkje dei kunne halda eitt minutts stille for dei sivile offera i Afghanistan òg, som nesten var dobbelt så mange.

Svaret var nei.

– Det ville ho slett ikkje diskutera, og ho kikka på meg som om det var eg som stod bak det brottsverket i USA, seier Parwani.

Dei er sinnssjukt gode til å trykkja på dei riktige knappane hos ungdomar som er rotlause. Den dag i dag kan eg finna ein viss logikk i dei tinga som dei seier.

Khaterah Parwani (avradikalisert muslim)

Rekruttering på gymnaset

Parwani var skaka over det ho kallar hykleriet og vart meir og meir tiltrekt av ei gruppe radikaliserte muslimar som vitja gymnaset i frikvartera. Dei var tilknytt Hizb ut-Tahrir og heldt møter i gymsalen.

– Dei er sinnssjukt gode til å trykkja på dei riktige knappane hos ungdomar som er rotlause. Den dag i dag kan eg finna ein viss logikk i dei tinga som dei seier, fortel Parwani, og refererer særleg til hykleriet i Vesten.

Men ho har likevel gjennomskoda metoden.

– Det som er feil er at ein nyttar det som metode eller som argument for å rekruttera ungdomar til noko som er likså hyklersk, seier ho.

Endra synet etter tur til Afghanistan

Men det tok nokre år før Parwani gjennomskoda dette. Ei stund var verda berre svart-kvit. Ho vart meir og meir inneslutta, lukka venner og familie ute og vart sint på foreldra som ho meinte ikkje var muslimske nok.

– Eg skamma meg over dei i forhold til dei praktiserande – i hermeteikn – muslimane som eg hadde i livet mitt.

Til slutt lukta faren, som aldri hadde vore religiøs, lunta og fann materiale frå Hizb ut-Tahrir på rommet hennar. Foreldra tok henne med tilbake til Afghanistan for å vise henne kva radikalisering kan leia til. Det vart første steget i hennar «avradikaliseringsprosess».

– Det endra synet mitt fullstendig. Fordi eg såg kva dei vil gjera viss desse kreftene faktisk får makta.

Politi ved synagogen i København

Ein vakt vart drepen og to politimenn såra då synagogen i København vart angripen natta etter åtaket mot kulturhuset «Krudttønden» den 14. februar.

Foto: Tove Gerhardsen / NRK

Dobbeltmoral

Men for Parwani var ikkje reisa heilt slutt enda.

Då ho kom heim, vart ho forlova med ein afghanar som viste seg å vera enda meir radikalisert enn det miljøet ho hadde vore i. Han drakk og røykte medan han kritiserte korleis ho kleidde seg. Han var eit typisk døme på dobbeltmoralen hos radikaliserte unge menn, ifølgje Parwani.

Han byrja å slå og Parwani visste at ho måtte ut av forholdet – og bryta heilt med det radikaliserte miljøet. Etter mange års kamp har ho no lukkast med det.

I dag er ho nesten ferdig med juss-studiet og arbeider som juridisk rådgjevar i organisasjonen «Exitcirklen». Ho arbeider tett med radikaliserte som har vore i land som Syria, og ho legg vekt på differansen mellom haldningar og handlingar.

Dei 12 punkta

Trine Bramsen, rettsordførar for Socialdemokraterne

Behovet for nye tiltak mot terror var sterkt, fortel Trine Bramsen, rettsordførar for Socialdemokraterne i Danmark.

Foto: Tove Gerhardsen / NRK

Parwani er overraska over at regjeringa ikkje har rådført nokon frå miljøet i utarbeidinga av terrortiltaka. Regjeringa vil bruka nesten éin milliard danske kroner på 12 tiltak mot terror dei neste fire åra.

Til NRK seier Trine Bramsen i partiet Socialdemokraterna at dei såg eit sterkt behov for å koma med nye antiterrortiltak.

– Terroristane brukar andre kanalar no. Dei brukar internett. Me ser at unge reiser til land som Syria og difor var det eit sterkt behov for å koma med nye tilrådingar, opplyser Bramsen.

Arbeidet byrja faktisk etter Charlie Hebo-attentatet i Paris i januar, men dei tilrådingane vart høveleg presenterte etter terroråtaket i København i februar, då ein ung muslimsk mann skaut to personar. Regjeringa rådspurde politiet, politiet si etterretningsteneste og forsvaret si etterretningsteneste.

Terrortiltaka fokuserer difor på overvaking, særleg av danskar i utlandet. 415 millionar kroner sett av til det. Vidare skal jødiske institusjonar sikrast og radikaliserte ungdomar skal segregerast i fengsla. Midlar til jødiske institusjonar og politiet for 2015 vart nesten sikra innan påske, men elles er finansieringa i limbo ettersom det skal skrivast ut val i Danmark seinast i august og det er usemje om kor milliarden til dei 12 tiltaka skal koma frå.

Vil ha fokuset over på radikalisering

Ann-Sophie Hemmingsen frå DIIS

Forskar Ann-Sophie Hemmingsen frå Dansk Institut for Internationale Studier (DIIS) påpeikar at terroranslaga i Vesten dei siste åra i hovudsak er gjennomført av landsmenn eller personar i naboland.

Foto: Tove Gerhardsen / NRK

Men fokuset på terror og ikkje omgrepet radikalisering blir møtt med kritikk. Regjeringa har nemleg nyleg presentert ein anti-radikaliseringspakke på 60 millionar danske kroner.

Dette står ikkje i stil til terrorpakken, meiner forskar Ann-Sophie Hemmingsen frå Dansk Institut for Internationale Studier, som òg understrekar at terror ikkje kjem frå utlandet. Det syner dei 13 siste terroråtaka utført i Vesten dei siste tre åra, seier ho.

– Det har vore 13 angrep som vart definerte som terrorisme og når ein ser på dei, så er det personar som har kome anten frå det landet dei har angripe eller frå eit naboland, seier Hemmingsen.

Tre råd frå ein eks-radikal

Parwani har tre råd om korleis styresmakter kan koma radikalisering til livs.

For det fyrste bør folk frå miljøet trekkjast inn og rådførast. Ho understrekar at folk som hamnar i dette miljøet verken er uintelligente eller per definisjon frå lågare sosiale klassar. Men ein ting har dei til felles: dei prøver å manøvrera mellom to kulturar og treng nokon som forstår kor schizofrent det kan vera.

– Ein ting som heilt klart vil hjelpa, er å trekkja unge inn som har vore gjennom det, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politiet sjekker Krudttønden

Terroren i Danmark starta med eit åtak mot kulturhuset Krudttønden i København under eit seminar om ytringsfridom.

Foto: Ola Torkelsson / TT / NTB

For det andre bør ein fokusere på kor det fyrst gjekk gale for dei som vert radikaliserte. Det byrjar ofte med småkriminalitet og det er her ein må leggja inn hovudinnsatsen, ikkje på det luftige omgrepet «terror» og radikalisering, som skjer seinare.

For det tredje kritiserer Parwani dei danske politikarane for tonen og debatten, særleg på Facebook, som er med til å stigmatisera og marginalisera unge muslimar og gje dei radikaliserte miljøa vind i segla. I staden for å oppføra seg som på ein leikeplass, er omfamning og dialog vegen å gå.

– Den største motgifta mot desse gruppene, er at du omfamnar dei. Det er at du seier, «fint nok, lat oss ta ein dialog, lat oss ta ein snakk». Då gjer du akkurat det dei forventar at du ikkje skal gjera, seier Parwani.

SISTE NYTT

Siste nytt