Litt over klokka 17 norsk tid tok Dianne Feinstein, leiaren for senatets etterretningskomité, ordet, og orienterte om nokre av dei mange funna i den 6.200 sider lange rapporten.
I rapporten får CIA mellom anna kritikk for å ha gitt for lite informasjon til amerikanske toppolitikarar. Torturen skal ha vore mykje meir brutal enn det som vart sagt til styresmaktene.
Viste til enkelttilfelle
Til dømes skal tidlegare president George W. Bush ha fått for lite informasjon om metodane som etterretningsorganisasjonen brukte i tidsrommet mellom 2011 og 2009.
Enkeltdøme vart også heva fram i rapporten. Ein fange, i eit fengsel utanfor USA, skal ha frose i hel etter å ha vore lenka til eit betonggolv. Rapporten hevdar det var dårleg trent personell som er årsaka til at hendinga kunne skje.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Barack Obama seier i ei pressemelding at rapporten kartlegger bruk av etterretningsmetodar frå CIA som er stikk i strid med amerikanske verdiar. Han legg til at liknande metodar ikkje vil bli brukt så lenge han leiar landet, og at desse metodane tilhøyrar fortida.
CIA-direktør, John Brennan, meiner derimot at rapporten tek feil når den fastslår at CIA sine brutale metodar ikkje bidrog til å avverje angrep. Han meiner det kom fram informasjon som stoppa angrepsplanar, som førte til fengsling av terroristar og som redda liv.
– Dette er reinspikka tortur
Rapporten kjem også med kritikk av CIA sin pengebruk. 80 prosent av avhøyra som er utførte skal vere gjort av eksterne toppsykologar. Prislappen skal vere på 80 millionar dollar, eller 573 millionar kroner.
Rapporten som vert lagt fram i dag er basert på fem år gransking, og tek føre seg amerikanske torturmetodar i perioden 2001 til 2009. Det er det amerikanske senatet som har skrive rapporten, der mykje informasjon har blitt sensurert og ikkje er tilgjengeleg for det offentlege.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er diverre ikkje så mange nye opplysingar som kjem i denne rapporten, seier John Peder Egenæs i Amnesty Norge i Dagsnytt 18, og legg til at han ikkje har grunn til å tru at metodane som kjem fram i rapporten framleis er i bruk.
– Det me høyrer her er reinspikka tortur. Det er kanskje nokon som vil meine at det å bli haldt vaken i fire veker er mindre alvorleg enn å få neglene dratt ut eller få elektrodar på kjønnsorgana. Men verkelegheita er at det å bli haldt vaken så lenge er noko av den verste torturen ein kan bli utsett for, seier Egenæs.
Han meiner torturen som vert skildra i rapporten er på høgde med torturen som vert nytta i andre land som USA vanlegvis ikkje likar å samanlikne seg med.
Tryggleiken har auka ved amerikanske ambassadar verda over i forkant av rapportlanseringa i frykt for kva reaksjonar dei nye opplysingane kan vekke.
I USA meiner mange republikanarar at det ikkje er naudsynt å offentleggjere deler av rapporten, og at det set USA i fare.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: