Hopp til innhold

– Bør utvise Israels ambassadør

– Noreg bør utvise Israels ambassadør og innføre sanksjonar overfor Israel, meiner pro-palestinske organisasjonar. – Lite konstruktivt og seriøst bidrag, svarer utanriksminister Børge Brende.

Pro-palestina-demonstrasjon

Pro-palestinske organisasjonar krev at Noreg kastar ut Israels ambassadør og innfører sanksjonar mot Israel. Her frå ein tidlegare pro-palestinsk støttedemonstrasjon framfor Stortinget.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Anna Lund Bjørnsen

Anna Lund Bjørnsen, leiar for Fellesutvalet for Palestina.

Foto: Fellesutvalget for Palestina

Kathrine Jensen

Kathrine Jensen, leiar for Palestinakomiteen i Noreg.

Foto: Palestinakomiteen
– Børge Brende må innsjå at Israel ikkje kan snakkast til fred, seier leiar for Fellesutvalet for Palestina, Anna Lund Bjørnsen.

Ho får støtte frå Kathrine Jensen i Palestinakomiteen i Noreg, som meiner at Noreg må gå i front for å presse Israel.

– Israel må stoppe den kollektive straffa av palestinarar og slutte bombinga av Gaza, den tredje krigen mot Gaza på fem år, seier Jensen.

Noreg kan ikkje samarbeide med Israel

Saman føreslår dei to organisasjonane at Israels ambassadør blir utvist og økonomiske sanksjonar vert innført overfor Israel.

– Noreg kan ikkje ukritisk halde ved like diplomatiske forbindelsar til ein stat som ikkje viser respekt for menneskeliv, internasjonale avtaler eller FN-konvensjonar. Å utvise ambassadøren frå Noreg er eit klart uttrykk for at me ikkje aksepterer dei krigsbrotsverka og massakrane Israel no utfører i Gaza, seier Bjørnsen.

Dei viser vidare til Israels statsminister Benjamin Netanyahu sine utsegn om at dei ikkje let seg stoppe av internasjonalt press, og meiner det trengst hardare lut til for å stoppe Israel.

– Israel bryt folkeretten ved å angripe sivile palestinarar og eigedommane deira. Som FN-medlem må Noreg vere anstendige nok og ha ryggrad til å sanksjonere Israel for dette, trass i enkelte statars vetorett i Tryggingsrådet, seier Jensen.

Internasjonale sanksjonar vert vanlegvis innført ved at FNs Tryggingsråd innfører sanksjonsvedtak. Alle FN-medlem er pålagde å gjennomføre sanksjonar vedtekne i Tryggingsrådet. Men det er lite som tyder på at dei fem stormaktene som sit med vetorett i Tryggingsrådet vil gå med på slike sanksjonar.

Noreg kan likevel innføre sine eigne sanksjonar, noko som mellom anna har blitt gjort mot Russland, etter at EU og USA innførte sanksjonar på grunn av Russlands rolle i den ukrainske krisa. Og det er dette middelet Bjørnsen og Jensen meiner Børge Brende bør ta i bruk.

– Lite konstruktivt

Utanriksminister Brende er i kveld på veg ned til Midtausten for å bidra i fredsforhandlingar mellom Israel og Hamas. Han synest ikkje noko særleg om forslaget om å utvise Israels ambassadør.

– Det synest eg ikkje er noko konstruktivt og seriøst bidrag. Styrken til Noreg som leiar av givarlandsgruppa er at me kan snakke med alle partar, og alle vesteuropeiske land har diplomatiske forbindelsar med Israel, seier Brende.

Brende legg til at Israel har eit ekstra ansvar for å bidra til å få fredsprosessen opp å gå, slik at partane kan bli einige om ei varig tostatsløysing, og utanriksministeren understrekar at Israels ulovlege busetnadar er kima til konflikten.

Brende gjer det vidare klart at han heller ikkje prioriterer å innføre sanksjonar overfor Israel.

– Det Noreg prioriterer no er å få på plass ein våpenkvile og ei varig fredsløysing, slik at ein slipper dei humanitære lidingane ein ser på Gaza og Vestbreidda. Det er det som er Noregs politikk og haldning, og det er det brei politisk eining om på Stortinget, avsluttar Brende.

SJÅ BRENDE SITT SVAR PÅ FORSLAGA:

Brende om forslag om å utvise ambassafør og innføre sanksjonar

SISTE NYTT

Siste nytt