Hopp til innhold

Israel intensiverer angrepa mot Gaza

Israel starta i ettermiddag opp att angrepa mot Gaza, trass i samtaler om ein våpenkvileavtale. Hamas har halde fram med sine angrep heile tida, og i kveld kom første dødsfall på israelsk side.

TOPSHOTS-PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT-GAZA

Røyken sig opp frå Gaza By etter at rakettar vert sendt frå Gazastripa og inn i Israel tysdag ettermiddag. Hamas har halde fram sine angrep medan ein våpenkvileavtale har blitt diskutert. No har også Israel starta opp sine rakettangrep mot Gaza.

Foto: THOMAS COEX / Afp

Israel starta tysdag opp att sine rakettangrep mot Gaza, og varslar no ei intensivering av sine angrep mot den væpna palestinske gruppa Hamas.

– Det ville vere å føretrekke om me kunne ha løyst dette diplomatisk, og det er det me har forsøkt å gjere når me har akseptert tilbodet om ei våpenkvile frå Egypt. Men Hamas gir oss ikkje noko anna val enn å utvide og intensivere militæraksjonen, sa Benjamin Netanyahu ifølgje Reuters i kveld.

Hamas haldt fram sine angrep medan Israel i formiddag hadde ei mellombels våpenkvile i påvente av Egypts forsøk på fredssamtalar.

I kveld kom konflikta sitt første dødsfall på israelsk side. På palestinsk side skal minst 194 vere drepne så langt.

Hamas skeptisk til våpenkvile

Våpenkvila, som Egypt prøvde å få til, var meint å vere mellombels, og skulle legge til rette for fredssamtalar mellom Israel og Hamas.

LES OGSÅ: – Trapper opp militæraksjonen dersom Hamas sier nei

LES OGSÅ: MIFF: – Feil å legge skylden på Israel

Hamas har på si side vore særs skeptisk, og den militære fløya av organisasjonen har blankt avvist ein fredsavtale.

Hamas har sagt at dei ikkje vil inngå noko avtale før Israel lovar å oppheve blokaden som har vore rundt Gaza sidan 2007. Blokaden tillèt berre at avgrensa mengder humanitær hjelp kjem inn til Gaza. Israel seier hensikta er å hindre rakettangrep frå Gaza, i retning Israel.

Israel truga med opptrapping

Israel har lenge truga med ein bakkeinvasjon som førebels let vente på seg. Fleire land har åtvara Israel mot ein slik invasjon, då det kan få konflikten til å eskalere ytterlegare.

Israel truga også tidlegare i dag om ei opptrapping av sine angrep om ikkje Hamas skreiv under avtalen.

Stipendiat ved UiO, Marte Heian-Engdal, meinte derimot at eit ja til ein våpenkvileavtale vil koste Israel langt mindre enn det vil koste Hamas.

– Det er eit ufarleg ja. Det gjer til at Israel vil auke den internasjonale legitimiteten for vidare kampar. Då har dei skaffa seg ryggdekning, og dei kan seie at det er Hamas som held fram konflikten, sa Heian-Engdal til NTB tidlegare i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt