Hopp til innhold

– Åbo-terroristen hadde planar om to angrep til

Den mistenkte for terroraksjonen i Åbo i Finland 18. august, Abderrahman Bouanane, hadde lagt planar om to andre angrep, opplyser finsk politi.

Skyting i Åbo, Finnland

To menneske vart drepne og åtte andre vart såra då ein mann gjekk til angrep med kniv i sentrum av den finske byen Åbo 18. august.

Foto: Yle

To kvinner vart drepne og åtte andre, seks kvinner og to menn, vart såra i knivangrepet på Salutorget i den finske byen. Politiet hadde først ein teori om at han var spesielt ute etter å angripe kvinner, men dei har no gått bort frå dette, ifølgje YLE.

Centralkriminalpolisen opplyser at dei to andre angrepa Bouanane hadde planlagt, ville ha ramma både menn og kvinner. Det eine angrepet skulle gjennomførast same dagen, medan det andre var planlagt til ein annan dag.

Skoten og såra

Lys på staden der to menneske vart drepne i Åbo.

Kort tid etter terrorangrepet i sentrum av Åbo byrja folk å tenne lys og leggje ut blomar til minne om dei drepne.

Foto: Robert Seger/tt / NTB scanpix

Centralkriminalpolisen vil ikkje konkretisere opplysningane om dei planlagde angrepa, men opplyser at innanriksdepartementet er informert om utviklinga i saka. Den mistenkte vart skoten i låret og såra av politiet, og deretter arrestert.

Han har seinare tilstått ugjerninga .

Det er klart at Bouanane hadde laga eit slags manifest før han gjennomførte angrepa i Åbo (Turku), den største «svenske» byen i Finland. Ekspertar frå politiet arbeider framleis med å analysere manifestet, som var handskrive og blant anna inneheldt utdrag frå Koranen.

Terroristen las delar av det inn på video i nærleiken av domkyrkja i Åbo, og han publiserte videoen på sosiale medium like før angrepet. Han opererte då under namnet Abderrahman Mechkah.

Også fire andre marokkanske menn vart arresterte i saka, mistenkte for å ha medverka til angrepet.

Knivangrepet i Finland etterforskes som terrorisme

Ofrene i Åbo ble hedret 

Finsk politi ble varslet om gjerningsmannen i Åbo

– Ville bli martyr

– Det er eit stort materiale, som er skrive på arabisk. Årsaka til at vi går så nøye gjennom det, er dels i samband med etterforskinga, men også for å kunne førebyggje terrorisme framover, seier sjefen for Centralkriminalpolisen, Robin Lardot.

Han trur at Bouanane hadde planar om å halde fram med knivangrepa heilt til han vart drepen av politiet, og at alt tyder på at han hadde eit ynskje om å bli martyr.

Lardot fortel også at angriparen verka å ha vore interessert i IS-propaganda, og at han hadde vorte radikalisert i løpet av få månader før ugjerninga.

Abderrahman Bouanane søkte asyl i Finland våren 2016 og fekk avslag på søknaden på slutten av året.

Korkje terrorgruppa Den islamske staten (IS) eller andre organisasjonar har teke på seg skulda for angrepet i Åbo. Politiet trur det er fordi gjerningsmannen overlevde.

Åbo Finland

SISTE NYTT

Siste nytt