Det var i fjor den 69-år gamle filmmakaren James Ricketson flaug ei drone over eit valmøte arrangert av opposisjonen i Kambodsja.
Sidan har han sote i arrest.
I dag vart han dømd til seks år i fengsel, og sonen seier til nyheitsbyrået at familien er heilt knust:
– Vi er veldig fortvilte, det har vore ein lang og hard prosess, og så får vi dette resultatet. Eg veit ikkje, vi treng litt tid på å fordøye dette, og finne ut kva vi skal gjere. Men vi skal ikkje gje opp, sa sonen James Ricketson til AP.
Arrestert før val på ny nasjonalforsamling
Ricketson var i Kambodsja for å lage ein dokumentarfilm om fattigdom, og ifølgje AP meiner ekspertar at arrestasjonen kom i samband med at styremaktene ville slå ned på kritiske røyster i forkant av valet på ny nasjonalforsamling i juli.
Eit val der statsminister Hun Sen og partiet hans, Kambodsjas folkeparti, gjorde reint bord. Dei fekk alle dei 125 seta i nasjonalforsamlinga.
Hun Sen har ei fortid som kommandant i Raude Khmer, og har sidan 80-talet regjert landet med hard hand.
Menneskerettsorganisasjonar skuldar han for å kneble opposisjonspartia og ytringsfridomen i landet, samt at han leier eit regime som er prega av brot på menneskerettane og korrupsjon.
I 2014 opna politiet eld mot ei gruppe streikande tekstilarbeidarar, fire vart drepne og 20 skadde.
Dømd for spionasje
Under rettssaka skulda statsadvokaten Ricketson for spionasje og landsforræderi. Han hevda dokumentarfilmmakaren hadde planar om å styrte regjeringa, og å gje hemmelege opplysningar til framande makter.
Han viste til at Ricketson hadde nære band til opposisjonspartiet, Det nasjonale redningspartiet, som vart gjort ulovleg i november i fjor.
Ricketson og familien hans avviser skuldingane:
– Han har reist i Kambodsja i over 22 år, og fortalt historiene til fattigfolk. Å kalle dette spionasje er galskap, sa nevøen Bim Ricketson til The Guardian.