Hopp til innhold

65 år gammal kvinne fekk firlingar

Ei 65 år gammal tysk kvinne fødde firlingar på eit sjukehus i Berlin denne veka, melder den tyske fjernsynskanalen RTL. Forarbeidet vart gjort på eit sjukehus i Ukraina.

Dette var familien til Annegret Raunigk i 2005.

Annegret Raunigk (65) med det som var familien hennar for ti år sidan. Tidlegare denne veka fødde ho firlingar på eit sjukehus i Berlin.

Foto: Jörg Carstensen / Afp

Ifølgje fjernsynsstasjonen fødde Annegret Raunigk tre gutar og ei jente ved hjelp av keisarsnitt på eit sjukehus i Berlin sist tysdag. Dei fire vart fødde etter eit svangerskap på 26 veker, altså tre månader tidlegare enn normalt. Sjukehuskjelder opplyser til RTL at firlingane har «ein god sjanse til å overleve».

13 born frå før

Åleinemora Annegret Raunigk, som frå før har 13 born og sju barneborn, skal vere den eldste i verda som nokon gong har fødd firlingar. Ho skal ha fortalt at årsaka til at ho ville ha fleire born, var at den ti år gamle dottera hennar ynskte seg ein liten bror eller syster.

Ho var altså 55 år den gongen, også det godt over normalen for fødande kvinner.

Denne siste graviditeten vart gjort mogleg gjennom intensiv fertilitetsbehandling på eit sjukehus i Ukraina. Den 65 år gamle læraren sa i eit intervju tidlegare i svangerskapet at ho meiner at alle har rett til å leve liva sine slik dei sjølve ynskjer.

På spørsmål om ho var uroleg for det å føde i så høg alder, svarte ho at ho rekna med å halde seg frisk og i god form. Ho bryr seg ikkje kva andre måtte meiner, sa ho blant anna.

– Eldre fødende er et samfunnsproblem

Oppheita debatt

Ein del legar har stilt spørsmål om ho reint fysisk ville vere i stand til å bere fram firlingane, og det har vore ein oppheita debatt i Tyskland om dette fenomenet.

Den 65 år gamle læraren er ikkje den eldste i verda til å føde. Den offisielle rekorden høyrer til spanske Maria del Carmen Bousada Lara, som var 66 år då ho fekk tvillingar i 2006.

Det har kome meldingar om at heller ikkje dette er den reelle rekorden. Omkari Panwar var 70 år då ho fødde tvillingar i India i 2008, blir det sagt, men dette er altså ikkje offisielt stadfesta, ifølgje BBC.

Meir om fertilitet

SISTE NYTT

Siste nytt