Hopp til innhold

34-åring vedgår at sakna niåring var i bilen hans

Ein mann er arrestert i samband med at ni år gamle Maelys de Araujo vart borte frå eit bryllaup i Dei franske alpane for vel ei veke sidan. Det er funne DNA-spor frå jenta i bilen til mannen.

Ni år gammal jente forsvunnen.

Ni år gamle Maelys de Araujo vart borte frå ein bryllaupsfest i Dei franske alpane natt til søndag 27. august.

Foto: AP

Den 34 år gamle mannen seier at han ikkje har noko med forsvinninga å gjere, og at DNA-spora politiet har funne i bilen hans hamna der etter at Maelys de Araujo var inne i bilen hans saman med eit anna barn dagen ho forsvann.

Han har forklart at borna gjekk inn i bilen for å sjå om hundane hans var der. Då dei såg at hundane ikkje var der, gjekk dei tilbake til bryllaupsfesten, har han sagt.

Nyvaska bil

Advokat Bernard Maraud.

Forsvararen til den mistenkte 34-åringen, Maelys de Araujo, snakkar med journalistar om den nye utviklinga i saka.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

Mannen var også gjest i bryllaupet. Politiet har slått fast at bilen hans var parkert i det området der spora etter jenta vart borte, og at 34-åringen vaska bilen i løpet av søndag.

Det var natt til søndag 27. august at den ni år gamle jenta vart meldt sakna frå bryllaupsfesten i eit forsamlingslokale i landsbyen Pont-de-Beauvoisin i Dei franske alpane. Ho var i bryllaupet saman med foreldra sine, og ho vart meldt sakna ved 03-tida.

Før det hadde bryllaupsgjestane leitt etter niåringen i over ein time.

Den 34 år gamle mannen vart saman med ein annan mann arrestert siste veke, men begge to vart raskt sette fri. Så vart 34-åringen arrestert igjen i går, og politiet festar ikkje lit til forklaringa hans.

Leiteaksjon etter sakna niåring i Frankrike.

Franske politifolk leitar etter den ni år gamle jenta i eit skogsområde utanfor Pont-de-Beauvoisin.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

Nektar for alt

Dykkarar leitar etter sakna niåring i Frankrike.

Dykkarar har leitt etter den ni år gamle jenta i fleire vatn og innsjøar i området i fleire dagar.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

Advokaten til 34-åringen, Bernard Maraud, stadfestar overfor AFP at det er funne DNA-spor frå jenta i bilen til klienten hans, men seier at han avviser å ha noko med forsvinninga å gjere.

Det vart funne DNA-spor frå jenta på dashbordet i bilen, men den sikta kan ikkje gi noko god forklaring på korleis det hamna der.

Spesialtrente sporhundar har søkt etter spor av den ni år gamle jenta, men alle spor slutta på parkeringsplassen utanfor forsamlingslokalet. Politi, hundepatruljar, redningsmannskap og dykkarar har saumfare skogsområde og sjøar i nærleiken av Pont-de-Beauvoisin, som ligg 50 kilometer nord for Grenoble.

SISTE NYTT

Siste nytt