Hopp til innhold

Niåring forsvann frå bryllaup – fryktar bortføring

Politiet har sett i verk ein storstilt aksjon etter at ei ni år gammal jente vart borte frå eit bryllaup i byen Pont-de-Beauvoisin i dei franske alpane natt til søndag.

Ni år gammal jenta forsvann frå bryllaupsfest.

Det er sett i verk ein stor leiteaksjon etter ni år gamle Maelys de Araujo.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

Ni år gamle Maelys de Araujo vart sist sett klokka tre natt til søndag. Ho deltok i ein bryllaupsfest saman med foreldra og andre slektningar. 250 menneske, som deltok i dette bryllaupet og to andre samkomer i den vesle byen, er avhøyrde av politiet.

Leiteaksjon etter ni år gammal jente.

Ein dykkar leitar etter den forsvunne jenta i elva Guiers.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

150 politifolk deltek i leitinga etter den vesle jenta onsdag føremiddag.

Den regionale politisjefen Yves Marzin fortel at tre spesialtrente hundar har delteke i søket etter den ni år gamle jenta, etter å ha lukta på eitt kosedyr ho hadde med seg.

Miste sporet

– Dei tre hundane miste sporet av jenta på parkeringsplassen utanfor bygget der festen gjekk føre seg. På akkurat same staden. Så ein av teoriane er at Maelys på ein eller annan måten forlèt staden i ein bil, seier Marzin.

Ei kjelde nær etterforskinga seier at det er meir sannsynleg at jenta vart bortført enn at ho forsvann av eiga fri vilje. Bryllaupsgjestane leitte etter jenta i ein time før dei kontakta politiet.

Ni år gammal jente forsvann frå bryllaupsfest.

Bryllaupsfesten gjekk føre seg i forsamlingslokalet i bakgrunnen. Ein politimann står vakt utanfor porten.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

Søket etter jenta vart utvida i dag. Dykkarar og grotte-ekspertar leitar i elva Guiers, medan hundepatruljar søkjer gjennom det tett skogkledde området rundt landsbyen Pont-de-Beauvoisin.

Store ressursar

– Med tanke på den tida som har gått sidan Maelys forsvann, og dei store ressursane som har vore sette inn i det hittil resultatlause leitearbeidet, så kan vi ikkje sjå bort frå at det har skjedd ei kriminell handling, seier Didier Baudoin i den franske påtalemakta.

Familien til den forsvunne jenta får krisehjelp, melder kringkastingsselskapet RTL.

Plakta med etterlysing av ni år gammal jente.

Ein bar-eigar klistrar opp ein plakat med etterlysing av den ni år gamle jenta på eit vindauge i baren.

Foto: Philippe Desmazes / AFP
Pont-de-Beauvoisin

SISTE NYTT

Siste nytt