Hopp til innhold

30 haitiske flyktningar omkom utanfor Bahamas

Ein talsmann for militæret på den karibiske øya Bahamas seier at 30 menneske omkom då eit skip fullasta med flyktningar kantra.

Havari utanfor Bahamas.

Minst 30 menneske har mist livet i havariet utanfor kysten av Bahamas.

Foto: HO / Afp

Rundt 110 menneske er berga frå den overfylte fiskebåten, som gjekk på eit rev ikkje langt frå Staniel Cay i det sentrale Bahamas. USAs kystvakt deltek i redningsarbeidet saman med miliitæret på Bahamas.

Flyktningane klamra seg til skroget på den 12 meter lange båten då redningsmannskapa kom til staden, heiter det i ei fråsegn frå den amerikanske kystvakta.

Bileta tekne av den amerikanske kystvakta viser menneske som gjer alt dei kan for å klare seg til skroget på skipet, at dei klamrar seg fast til alt som er mogleg å gripe tak i.

Flyktningar frå Haiti, Cuba og andre karibiske land prøver ofte å sigle gjennom Bahamas for å kome til USA, trass i at Miami ligg nesten 100 mil frå den nordlege kysten av Haiti.

Flyktningtragedie på Bahamas.

Flyktningane prøver så godt dei kan å klamre seg fast i skroget på den havarerte båten.

Foto: HANDOUT / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt