Hopp til innhold

19 politifolk skadde og 49 personar arresterte i London

Det vart amper stemning fleire stader i London etter eit seigt tap mot Italia i EM-finalen sundag kveld.

Politifolk i gater dekt av søppel i LOndon

Mange gater og plassar i London sentrum var dekte av søppel og tomgods etter EM-finalen. Disse politifolka står utanfor St. Martin-kyrkja på Trafalgar Square.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB

Store folkemengder samla seg fleire stader i London under og etter tapet mot Italia i EM-finalen.

På og rundt Wembley stadion, ved Trafalgar Square og andre plassar i hovudstadens West End vart det dårleg stemning mellom supporterar og politiet.

Dei 49 som vart arresterte hadde utført ei rekkje ulike lovbrot, skriv Metropolitan Police på Twitter.

Politiet forsøker å roe ned fotballfans i London etter tapet mot Italia i EM-finalen.

Fleire stader i London samla det seg supporterar under og etter EM-finalen mot Italia sundag kveld.

Foto: PETER CZIBORRA / Reuters

I Kent, søraust for London, vart folk bringa inn til arresten for å mellom anna ha kasta ølflasker mot politiet, melder avisa Daily Mail.

– Frustrerande nok vart 19 av våre betjentar skadde då dei konfronterte ustabile folkemengder. Dette er heilt uakseptabelt, skriv politiet på Twitter.

Stengde King's Cross

Fleire av dei arresterte tilhøyrde ei stor gruppe billettlause supportarar som storma EM-arenaen Wembley før kampen starta.

Andre fyrte av naudbluss inne på offentleg transport og på haldeplassar. Togstasjonen King's Cross vart mellombels evakuert grunna røyk frå nettopp naudbluss, skriv avisa Independent.

En mann står med ryggen mot kameraet og ser på en rad politibetjenter. Han holder en rød nødbluss i høyre hånd.

49 personar vart teke til arresten etter bråk og uro etter at England tapte EM-finalen sundag.

Foto: TOLGA AKMEN / AFP

Borgarmeister i London, Sadiq Khan, tok til Twitter for å fordra folk utan billettar å halde seg vekke.

I Leicester Square sentralt i London knuste folk butikkvindauge og klatra på trafikklys og busskur.

Søppel og knuste flasker

Mange britar gjekk dukknakka heim etter å ha følgt kampen på sportspubar og storskjermar. Fleire gater og plassar i London sentrum var dekte av søppel og knuste flasker etter EM-nederlaget, melder Independent.

To kvinner på veg heim etter EM-finalen, gjnenom søppeldelte gater i London

To unge kvinner på veg heim i ei gate dekt av søppel etter EM-nederlaget mot Italia.

Foto: Matt Dunham / AP / NTB

Etter kampen hagla kritikken mot England-trenar Gareth Southgate. Fleire meiner det var eit mistak å sette den yngste på laget til å ta den avgjerande straffa.

Fryktar meir vald i heimen

– Me veit at når det er store fotballkampar, skjer det meir vald i heimen. Sjølv om me ynskjer at England skal vinne, må me hugse at for nokon så er «It's coming home» ein trussel, knytt til alkohol og vald.

Det sa den britiske ministeren David Wolfson til det britiske parlamentet før sundagens finale.

I fylgje ein studie frå 2014, gjort av Lancaster University, aukar talet på meldingar om vald i heimen til politiet nordvest i England med 26 prosent om landslaget vant eller spelte uavgjort i ein kamp.

Om dei tapte, auka valden med 38 prosent.

Kommunikasjonsleiar i organisasjonen Women's Aid Teresa Parker seier det ikkje er fotballen som direkte forårsakar vald i heimen.

– Det er sterke kjensler knytt til spelet. Kombinert med at ein gjerne drikk store mengder alkohol, kan det gjere at situasjonen går frå vondt til verre i tilfelle kor vald og mishandling allereie skjer, seier ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt