Hopp til innhold

1192 nordmenn døydde i utlandet i fjor

I fjor døydde minst 1192 norske statsborgarar under kortare eller lengre opphald i utlandet. Men ingen kjenner det endelege talet, og for nokre blir den siste kvila i ei umerkt grav.

Norske dødsfall i utlandet.

Det nøyaktige talet på nordmenn som døydde i utlandet i fjor var 1192, litt færre enn året før. Det er ikkje eit spesielt høgt tal, med tanke på at det oppheld seg over 100.000 nordmenn i utlandet til ei kvar tid.

Dei største norske koloniane i utlandet er Sverige og Spania, men det er også mange som bur meir eller mindre fast i landet som Thailand, Filippinane, USA, Storbritannia og Tyskland.

Blir ikkje alltid varsla

Umerka fellesgrav i Torrevieja.

Ei umerkt grav på gravlunden i Torrevieja i Spania. Her blir oska til dei som av ein eller annan grunn er anonyme spreidd.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Seniorrådgjevar Kristin Skjefstad Edibe i seksjon for konsulære saker og utlendingsfeltet i Utanriksdepartementet, opplyser til NRK at den norske utanrikstenesta ikkje har ei full oversikt over nordmenn som døyr i utlandet landet. Dette fordi utanriksstasjonane ikkje alltid blir involverte ved dødsfall.

Ein del norske borgarar døyr og blir gravlagde i landet dei oppheld seg i utan at norske styresmakter blir varsla. Det kan vere ulike årsaker til det, som at dei ikkje lenger har familie i Noreg, eller at kontakten er broten.

– I dei få tilfella der det ikkje er pårørande som kan stå for heimsending av avlidne eller ei lokal gravferd, blir den døde gravlagd på staden for det enkelte land sin kostnad og i forhold til lover og praksis i det landet, seier Kristin Skjefstad Edibe.

Flest i Sverige

Sverige er landet med flest norske dødsfall. Konsulatleiar Cecilie K. Norling ved den norske ambassaden i Stockholm, opplyser til NRK at rundt 400 nordmenn døydde i vårt nærmaste naboland i 2014. Dei aller fleste er fastbuande i Sverige.

Ho fortel at det er rundt 35.000 fastbuande nordmenn i Sverige, men då er ikkje dei med dobbelt svensk-norsk statsborgarskap tekne med.

Rundt 200 nordmenn døydde i fjor i Spania.

Ved den norske ambassaden i Bangkok får NRK opplyst at det i 2014 døydde rundt 100 nordmenn, og at rundt 10 prosent av desse omkom som følgje av trafikkulukker eller drukning.

Det er uklart kor mange nordmenn som bur i Thailand, men Den norske sjømannskyrkja har tidlegare sagt at det bur opp mot 15.000 norske statsborgarar i landet på meir eller mindre permanent basis.

Norsk eldrebølgje i Spania - dobling av sosialsaker

– Har mykje å takke Sjømannskyrkja for

«Dei ukjendes grav»

Tal NRK har henta inn viser at det i fjor døydde 48 nordmenn i Danmark. I Storbritannia var talet 32, medan det i Filippinane døydde 23 nordmenn i fjor. Talet for Hellas var 15.

Ambassadesekretær Tijana Nilsen ved den norske ambassaden i København opplyser til NRK at ambassaden i fjor fekk 48 meldingar om norske dødsfall.

– Vi reknar med at talet er langt høgare, fordi ambassaden berre blir varsla når det gjeld borgarar som døyr under eit mellombels opphald i Danmark, seier ho.

I ein situasjon der det ikkje er pårørande, så vil kommunen der vedkomande var busett overta buet, og også sørgje for gravferd. Etter dette vil avlidne normalt bli kremert, og urna blir sett ned i «dei ukjende grav», om det ikkje legg føre eit skriftleg ynskje frå avlidne om noko anna.

Bur på sjukeheim i Spania - vil ikkje heim til Noreg

SISTE NYTT

Siste nytt