Hopp til innhold

– Har mykje å takke Sjømannskyrkja for

Torrevieja (NRK): – Samtalane med Jostein er viktige for meg. Sjømannskyrkja gjer ein kjempejobb for nordmenn her i Spania, seier Leif André Hastad – ein av mange nordmenn som har fått hjelp av Sjømannskyrkja i ei vanskeleg tid.

Leif André Hastad pg Jostein Obrestad (t.v.).

Leif André Hastad (t.h.) og diakon Jostein Obrestad snakkar saman ein gong i veka. Her er dei på La Mata-stranda, like ved der Harstad bur.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Torrevieja, «Torvika» blant nordmenn, ligg vakkert til ved det asurblå Middelhavet. Her er palmar som vaiar i vinden, koselege restaurantar og barar, glade og fornøgde menneske som hyggjer seg saman i eit klima som er langt mildare enn det vi har heime.

Dei aller fleste opplever ein stor helsegevinst ved å bu her. Det å sleppe å tenkje på glatte vegar og snømåking, det å merke at kroppen fungerer betre. Det store fleirtalet lever eit godt liv med eit stort nettverk og mange aktivitetar å fylle dagane med. Men diakon Jostein Obrestad (62) veit betre enn dei fleste at det ikkje berre er idyll.

Ikkje berre idyll

Jostein Obrestad.

Jostein Obrestad er diakon ved den norske sjømannskyrkja i Torrevieja på Costa Blanca i Spania.

Foto: Bent Tandstad / NRK

NRK fekk vere med han ein del av arbeidsdagen eit par dagar i mai. Felles for alle vi møter er ei djup takksemd til den joviale sørlendingen og til Sjømannskyrkja generelt.

Ein av dei som set stor pris på Jostein frå sjømannskyrkja er 42 år gamle trønderen Leif André Hastad. Han kom til Torrevieja for fem år sidan saman med sambuaren sin. Dei kjøpte seg eit husvære i La Mata-området i Torrevieja, i eit nabolag han fortel blir kalla Norskestripa.

For to år sidan døydde sambuaren hans, og Leif André gjekk inn i ein depresjon. Han fekk etter kvart kontakt med diakonen frå sjømannskyrkja og opplevde at det var til god hjelp.

– Eg er svært takknemleg for hjelpa eg har fått av Jostein. Han tek kontakt kvar veke og han hjelper meg med praktiske ting, som å få time hos lege, eller berre for ein prat, seier Hastad.

Den tidlegare slaktaren vart uføretrygda etter ein yrkesskade, og det var slik ideen om å flytte til eit varmare land kom.

KLipp frå intervju med Jostein Obrestad

VIDEO: Jostein Obrestad om arbeidet i Torrevieja.

- Ei veke heime er nok. Då lengtar eg til Spania igjen.

Vil ikkje flytte heim

Leif André Harstad, nordmann i Torrevieja.

Leif André Hastad er full av lovord om arbeidet til sjømannskyrkja i Torrevieja.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Han opplever det som kjekt å kome til kyrkja der ein kan snakke med andre menneske over eit smørbrød eller ein vaffel, og han er full av lovord om Sjømannskyrkja og menneska der.

42-åringen trur ikkje han kjem til å flytte heim til Noreg. Han trivst godt i Norskestripa i Torrevieja. Han har mange norske og svenske naboar, har mange vener og det er langt billegare å bu her enn i gamlelandet. Han reiser heim til Trøndelag ein gong i året, fortel han.

– Ei veke i Noreg er nok. Då lengtar eg til Spania igjen, seier han.

Norsk eldrebølgje i Spania - dobling av sosialsaker

Bur på sjukeheim i Spania - vil ikkje heim til Noreg

Baksida av medaljen

Sjømannskyrkja i Torrevieja opplevde ein kraftig auke i talet på sosialsaker i 2014. Berre kyrkjene i Pattaya i Thailand med 440 sosialsaker, Gran Canaria med 364 sosialsaker hadde fleire enn Torrevieja, som i fjor måtte ta seg av 169 slike saker. Det er fleire enn tre sosialsaker kvar veke.

Det er mange typar saker. Ved sida av sorg, kan det vere ulike typar sjukdom, eller det kan vere problem med alkohol eller andre rusmiddel.

Jostein Obrestad har nærkontakt med enkeltpersonane som utgjer denne statistikken. Han har eit enormt kontaktnett i dette området. Etter mange år som misjonær og hjelpearbeidar i Sør-Amerika snakkar han spansk flytande, og det er svært nyttig i arbeidet. Spesielt som bindeledd mellom nordmenn og spanske styresmakter.

– Mange som bur i eit område med andre nordmenn, opplever at dei ikkje har bruk for å kunne spansk i dag det daglege. Men den dagen dei treng hjelp frå det spanske hjelpeapparatet, kan det bli problematisk. Dei vil oppdage at her går alt føre seg på spansk, og at svært få spanjolar snakkar godt engelsk, seier han.

Sosialsaker i Spania
Foto: NRK
Sosialsaker i Spania
Foto: NRK

– Billeg alkohol eit problem

Obrestad ser på seg sjølv om ein tilretteleggjar, ein som kan hjelpe dei som treng hjelp vidare i systemet, for det spanske byråkratiet kan vere innvikla og byråkratisk. Han snakkar med menneske som er einsame, han hjelper dei til kontakt med lege eller andre helsetenester, han trøystar dei som er i sorg, og han avviser ingen.

Han stadfestar at den billege alkoholen er eit problem for mange, også for nordmenn. Han har hjelpt til med å få nordmenn inn i det spanske avrusingsprogrammet, men seier at det er viktig å vere der for dei etterpå.

– Det handlar også om å vere der når dei er utskrivne frå sjukehuset. Menneske med alkoholproblem står nedst på rangstigen i det spanske samfunnet, fordi dei ser på alkoholmisbruk som noko misbrukaren sjølv har skulda for. Det er ikkje noko ferdig opplegg når ein er utskriven frå sjukehuset, seier han.

Obrestad fortel at dei alltid prøver å få menneske som slit med rus å reise heim til Noreg for å få behandling. Ein del har gjort det, men fleire har kome raskt tilbake. Mange er ikkje motiverte for å ta eit krafttak for å slutte å drikke.

- Ein sosialarbeidar eg har ein del kontakt med på det offentlege sjukehuset ringde meg ein dag og var ganske fortvila. Han sa at 80 prosent av alle pasientane dei hadde den dagen var britar og skandinavar med alkoholrelaterte sjukdomar.

Mange nasjonalitetar

Det er mange nasjonalitetar i Torrevieja-området, spesielt britar og skandinavar, men også mange frå andre europeiske land som Tyskland, Belgia, Nederland og Frankrike, og dei siste åra har også russarane kome for fullt.

Det er to store sjukehus i Torrevieja, eitt er privat og det andre offentleg. Utlendingar dominerer også blant pasientane.

– Ein sosialarbeidar eg har ein del kontakt med på det offentlege sjukehuset ringde meg ein dag og var ganske fortvila. Han sa at 80 prosent av alle pasientane dei hadde den dagen var britar og skandinavar med alkoholrelaterte sjukdomar.

Sjømannsprest Dag Magnus Hostock Havgar i Torrevieja.

Sjømannsprest Dag Magnus Hoptsock Havgar framfor inngangspartiet til Sjømannskyrkja i Torrevieja.

Foto: Bent Tandstad / NRk

Jostein Obrestad brukar ikkje mykje tid på kontoret sitt i sjømannskyrkja. Han brukar mesteparten av tida si i samtalar og samvær med menneske som har bruk for han, eller i bilen til og frå menneske som treng hjelp.

Det er viktig for han å presisere at det store fleirtalet av nordmenn i Spania er langt unna å hamne i kategorien sosialsaker.

Lokalt engasjement

Sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar stadfestar den sterke stillinga Sjømannskyrkja har blant nordmennene i området. Han fortel at dei i fjor hadde i underkant av 40.000 personar på besøk i kyrkja, og at dei i høgsesongen ofte har over 1000 innom i løpet av ei veke.

Han legg til at kyrkja vart grunnlagt på grunn av eit sterkt lokalt engasjement, at eldsjeler busette i Torrevieja la ned ein stor eigeninnsats for at dei skulle få si eiga kyrkje. Dei meinte at kyrkja i Albir var for langt unna.

Og det lokale engasjementet held seg. I dag er det ei stor gruppe frivillige ved kyrkja som hjelper til i dag det daglege arbeidet.

– Dette engasjementet er vi heilt avhengige av for at det skal gå rundt, seier Dag Magnus Hopstock Havgar til NRK.