– Vi opplever at stadig fleire eldre nordmenn blir åleine og kjenner seg einsame. Då er vegen kort til nærmaste bar, seier avtroppande byråd for sosiale saker i Alfaz del Pi kommune på Costa Blanca i Spania, Gunila Herrera Norén.
NRK har besøkt nokre av dei «norske områda» på Costa Blanca, Den kvite kysten, området mellom Valencia og Cartagena. Den eldste norske busetjinga på denne kysten er Alfaz del Pi, med byane Albir og Villajoysa.
Kraftig auke i sosialsaker
Det var tidlegare i år at Den norske sjømannskyrkja
. Ei kraftig auke i talet på såkalla sosialsaker viser at det langt frå berre er idyll blant nordmenn som slår seg ned i Spania for kortare eller lengre tid.Sjømannskyrkja definerer ei sosialsak som ein akutt naudsituasjon som krev kontakt med andre aktørar, alt frå familie og vener til helsestell, utanriksteneste eller bank.
Dei siste fem åra har talet på sosialsaker i Spania nær dobla seg, frå 353 i 2010 til 782 i fjor, viser tal frå Sjømannskyrkja. Dei fleste sakene stammar frå Gran Canaria, Torrevieja og Albir-Villajoysa. Flest slike saker er det på Gran Canaria.
Truleg bur det rundt 40.000 nordmenn meir eller mindre fast på Costa Blanca i vinterhalvåret, 20.000 i Alfaz del Pi-området og like mange i Torrevieja-området. I tillegg kjem korttidsturistane.
Gunila Herrera Norén har norsk mor og spansk far, og ho har vakse opp i Oslo. Familien flytta tilbake til Spania då ho var åtte år. Dei siste fire åra har ho vore byråd for sosiale saker i Alfaz kommune for det sosialdemokratiske partiet PSOE.
Ho seier at ho har hatt stor nytte av norskkunnskapane sine i jobben. Ikkje det at nordmenn har større sosiale problem enn andre i denne kommunen. Dei aller fleste greier seg bra, men ho ser ei utvikling der fleire blir einsame.
– Utan sosialt nettverk
– Mange kom nedover hit frå Noreg for 20 år sidan. Dei hadde vener rundt seg, men så har nokre av dei kanskje reist heim, medan andre er døde. Når ein så blir sitjande att åleine, utan eit sosialt nettverk, så er det lett til å ty til alkohol, seier Gunila Herrera Norén til NRK.
Ho forsikrar at kommunen har alle dei nødvendige ressursar for å hjelpe norske borgarar som har problem, men at det er to ting som må vere på plass. Ein må registrere seg i kommunen og i tillegg lære seg spansk.
Med den norske sjømannskyrkja i kommunen, samt to norske skular, ein norsk frivilligsentral, ein norsk klubb og tre norske aldersheimar er det mange tilbod til nordmenn i området. Likevel er det eit problem at det sit langt inne hos mange nordmenn å lære seg spansk.
– Det er ikkje mogleg med full integrering utan å lære språket, slår ho fast.
Idyll ved Middelhavet
Alfaz del Pi kommune ligg nord på Costa Blanca-kysten. Nedover mot Middelhavet ligg turistbyen Albir, som har den største norske kolonien i dette området. Byen ligg idyllisk til ved havet, og frå den vakre strandpromenaden kan vi sjå heilt til Calpe og den karakteristiske klippa utanfor.
Litt opp for strandpromenaden finn vi Den norske sjømannskyrkja, som på utsida ikkje skil seg så mykje ut frå dei andre bygningane i området. Inne er det likevel eit lite stykke Noreg.
Dagleg leiar og diakon Berte Marie Ulveseter kjenner seg igjen i det byråden for sosialsaker seier. Sjømannskyrkja er ofte bindeledd mellom nordmenn og det spanske hjelpeapparatet, og ho fortel at dei i fjor hadde hand om 113 sosialsaker, meir enn ei dobling frå 2013.
Angst og depresjonar
Det er stadig fleire tilfelle av angst og depresjonar, håpløyse og også sjølvmordstankar. Det er fleire saker som handlar om rus og psykiatri. I tillegg kjem problema som følgje av at få har lært seg spansk
– Det er mange tunge lagnadar, og vi ser at det er bruk for at vi er der, og at vi er tilgjengelege heile døgnet. Ofte er beste løysinga å hjelpe dei heim til Noreg, men slike saker kan ta veldig lang tid, seier Ulveseter.
Ho fortel om eitt tilfelle. Ei norsk kvinne hadde isolert seg, og ho var så veikhelsa at ho ikkje kom seg ut for å handle mat. Ho hadde ikkje kontroll over økonomien, slik at straumen vart stengt av. Hunden vart ikkje lufta, og han byrja å ete på møblane. Ho hadde ikkje registrert seg i kommunen, så det var ikkje snakk om heimehjelp, og ho hadde ikkje økonomi til å kjøpe private tenester.
– Vi gjer det vi kan for å hjelpe. Ofte er beste løysinga å prøve å folk heim til Noreg, men vi ser dessverre at det skjer at familien i Noreg ikkje vil vite av dei, oftast på grunn av eit langvarig rusproblem. Då er det ein tidkrevjande prosess å få dei heim, seier Berte Marie Ulveseter.
Nordmenn har rett på hjelp frå spansk heimesjukepleie, men det er viktig å hugse på at ordninga ikkje er heilt slik som i Noreg. I Spania blir det rekna med at familien stiller opp og hjelper til, blant anna med mat, vask og stell. Det er ulikt systemet i Noreg. Når ein så i tillegg har språkproblem, så er det ikkje alltid like enkelt.
Frå fiskarlandsby til metropol
Ein og ein halv times biltur sørover på Costa Blanca-kysten fører oss til Torrevieja, det andre store norske tyngdepunktet i området. For berre nokre få tiår sidan var det ein fredeleg fiskarlandsby med rundt 20.000 innbyggjarar, medan det i dag er ein internasjonal metropol med eit pulserande liv nesten døgnet rundt.
120.000 menneske frå rundt 100 ulike nasjonar bur her meir eller mindre fast, og i tillegg kjem hordar av turistar til byen.
Det norske miljøet i Torrevieja har vakse sterkt dei siste åra, og ein reknar med at rundt 20.000 nordmenn held til her. Prisane er lågare her enn i Albir-området lenger nord, og fleire «vanlege folk» har kjøpt seg bustad her nede.
Litt nordaust for sentrum, i urbanisasjonen Las Siesta, ligg Den norske sjømannskyrkja,
. Det flotte kyrkjebygget ligg midt i eit område der det i all hovudsak bur utlendingar, ikkje minst nordmenn.Det er lett å kjenne seg velkomen her mellom dei lyse og innbydande kyrkjeveggane. Vi blir møtte i døra med eit varmt handtrykk av ein av dei mange frivillige som hjelper til, og dufta av nysteikte vaflar er ikkje til å ta feil av.
Helsegevinst
Sjømannsprest i Torrevieja er Dag Magnus Hopstock Havgar. Han seier at Las Siesta er spesielt attraktivt for nordmenn fordi sjømannskyrkja ligg her.
– Nordmennene som bur her er eigentleg eit tverrsnitt av innbyggjarane i gamlelandet. Det vil seie at det store fleirtalet fungerer godt, har planlagt flyttinga hit på skikkeleg vis og har ein helsegevinst av å bu i varmen. Men så er det også nokon som fell utanfor, som slit med sjukdom og rus. Vi skal vere her for alle, seier han.