Hopp til innhold

Bur på sjukeheim i Spania - vil ikkje heim til Noreg

Pilar de la Horadada (NRK): - Det er ikkje aktuelt for meg å reise tilbake til Noreg. Her har eg det eg treng, seier 82 år gamle Trygve Wallin. Han har eit godt liv som pasient på sjukeheimen Casa Verde på Costa Blanca i Spania.

Trygve Wallin på rommet sitt på sjukeheimen Casa Verde.

– Her har eg det eg treng, seier norske Trygve Wallin (82), som bur på sjukeheimen Casa Verde på Costa Blanca i Spania.

Foto: Bent Tandstad / NRK

NRK har besøkt dei «norske» områda på Costa Blanca i Spania. Eldrebølgja blant dei fastbuande norske i området har skapt problem for mange, og stadig fleire slit, men Trygve Wallin synest ikkje det er ille å vere sjukeheimspasient i Spania.

Vi møter han i det lyse og store rommet han disponerer på den private sjukeheimen Casa Verde.

Reiser ikkje heim

– Eg har berre positivt å seie om dei som jobbar her. Og i tillegg har vi besøk frå Sjømannskyrkja ein dag i veka. I vinterhalvåret har dei med seg norsk mat, og det set eg stor pris på. Vi har det så koseleg, Vi syng, les dikt og pratar i ein og ein halv til to timar kvar gong. Det er høgdepunktet i løpet av veka, seier han.

Wallin er ein av fem norske på den private sjukeheimen i Pilar de la Horadada. Han flytta til sjukeheimen saman med kona Helen for nokre år sidan, men ho døydde i november i fjor.

Sjukeheimen Casa Verde.

Casa Verde er ein privat eldreinstitusjon på Costa Blanca.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

For Trygve Wallin er det ikkje aktuelt å reise heim til Noreg i alderdomen. Det er lange køar på å få plass på sjukeheimane i hans gamle heimkommune, Lier utanfor Drammen, og ei privat løysing blir altfor dyr. Han ser ikkje svart på å vere her dei siste åra i livet sitt.

Vi får inntrykk av ein topp moderne institusjon, lokala er lyse og innbydande, fellesromma er luftige. Det tekniske utstyret ser ut til å vere moderne og funksjonelt.

Eldre frå heile Europa bur her, også ein del spanjolar.

Klipp fra intervju med Trygve Wallin (82)

VIDEO: Trygve Wallin fortel om livet på institusjon i Spania.

Privat sjukeheim

Då ekteparet Wallin fann ut av dei måtte ha hjelp i kvardagen, søkte dei seg nettopp hit til Casa Verde. Dei flytta ein periode til ein annan institusjon, men kom tilbake til Casa Verde etter seks månader

Først budde dei i ein eigen bungalow, men etter kvart vart det naudsynt å flytte inn på sjølve sjukeheimen. Her budde dei i dobbeltrom heilt til Helen døydde, sidan har Trygve budd på einerom.

Det kostar 1700 euro i månaden, rundt 14.500 norske kroner. Då har han rundt 1000 euro igjen av pensjonen til andre utgifter, kan han fortelje. På ein privat institusjon i Noreg kan det vere ein døgnpris på opp mot 2500 kroner, har han blitt fortalt.

Norsk eldrebølgje i Spania - dobling av sosialsaker

– Har mykje å takke Sjømannskyrkja for

Sjukeheimen Casa Verde i San Pedro del Pinatar.

Det bur for tida fem norske på den private sjukeheimen Casa Verde på Costa Blanca i Spania.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

– Eit lyst sinn

Trygve Wallin fortel at han alltid har vore velsigna med eit lyst sinn, og han trur det er grunnen til at han er så fornøgd på Casa Verde.

– Eg prøvar å sjå det positive i alt. Eg kan vere litt smådeprimert av og til, men det går fort over, seier han med eit smil.

Her har han det han treng. Ein elektrisk firhjuling, elektrisk rullestol, han har PC med Internett og fjernsyn med alle dei norske kanalane. Då NRK kom på besøk sat han i godstolen sin og høyrde på NRK Alltid Klassisk på PC-en. Han har også ein god hjelpar til praktiske ting blant dei tilsette.

Wallin har eit allsidig yrkesliv bak seg. Først jobba han på Grand Hotell i Oslo, deretter var han handelsreisande i 20 år, før han avslutta yrkeskarrieren som førstebetjent ved Oslo kretsfengsel dei siste 20 åra.

– Rikt sosialt liv

Trygve flytta til Spania saman med kona då dei gjekk av med pensjon. Dei selde huset i Lier og kjøpte seg eit hus i Guardamar del Segura nord for Torrevieja. Før det var dei i Spania i mange feriar, og dei likte det enkle livet i eit varmare klima. Difor var det ei enkel avgjerd å selje huset i Lier og kjøpe eitt nytt i Spania.

– Kona mi Helen og eg hadde 15 flotte år her nede før helsa byrja å skrante. Vi stortreivst frå første stund. Det var mange nordmenn i området der vi kjøpte hus, og det var eit rikt sosialt liv, fortel han til NRK.

Pilar de la Horadada

SISTE NYTT

Siste nytt