Douglas Lefforge, talsmann for dei amerikanske styrkane i Afghanistan, seier til Reuters at ei bombe fall ned på eit hus i utkanten ava Shkin nær grensa til Pakistan. Ved sidan av dei 11 drepne vart ein person skadd i angrepet.
- Den tragiske hendinga skjedde då fiendtlege styrkar angreip eit militært sjekkpunkt nær Shkin-basen like før midnatt tysdag, sa han.
11.000 soldatar frå USA og fleire andre NATO-land deltek i jakta på terrorleiaren Osama bin Laden i grenseområda mellom Afghanistan og Pakistan.