Hopp til innhold

11 drepne i angrep på vallokale

Minst 11 menneske er drepne og fleire titals såra i Taliban-angrep mot fleire vallokale i Afghanistan i dag.

Kvinner på veg inn i eit vallokale i Kabul.

Ei gruppe afghanske kvinner på veg inn i eit vallokale i hovudstaden Kabul i dag.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Ei kvinne er klar til å røyste i Kabul

Ei kvinne er klar til å røyste i eit vallokale i Kabul i føremiddag.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Den islamistiske opprørsgruppa Taliban har tidlegare varsla at dei vil gjere alt for å øydeleggje valet. Blant dei drepne i angrepa i dag er sju soldatar, resten er sivile. Det er meldt om angrep over heile landet, og det er venta at talet på drepne og såra vil stige utover dagen.

Vallokala stengde kl. 13.30 norsk tid, kl. 16 lokal tid. Berre der det var køar utanfor ville vallokala halde ope lenger.

LES OGSÅ: Taliban varslar angrep på vallokale

LES OGSÅ: Valglokaler angrepet i Afghanistan

Samanstøytar med Taliban

I Kunduz-provinsen nord i landet er 17 soldatar og politifolk såra i samanstøytar med Taliban, opplyser guvernør Mohammad Omar.

Ein talsmann for den afghanske valkommisjonen seier at 92 prosent av dei 5816 vallokala har opna. Opprinneleg var det rundt 6900 vallokale, men rundt 1000 av dei vart aldri opna fordi det var vanskeleg å sikre tryggleiken til veljarane der.

Ein såra afghansk soldat får hjelp av amerikanske soldatar.

Ein afghansk soldat som vart såra i eit Taliban-angrep utanfor eit vallokale i dag, får hjelp av amerikanske soldatar.

Foto: ERIK DE CASTRO / Reuters

Det er for tidleg å seie noko om kor høg valdeltakinga blir. Fleire stader blir det meldt om dårleg frammøte i føremiddag, medan det andre stader har vore mykje folk.

Kl. 12 lokal tid, fire timar før vallokala stengde, var frammøtet på 32 prosent, seier ein tenestemann i valkommisjonen. Ved parlamentsvalet i 2005 var valdeltakinga på 30 prosent.

- Eg vil vise at eg ikkje er redd for Taliban. Dei SKAL ikkje få hindre oss i å røyste, seier 50 år gamle Mohammad Zaman til nyheitsbyrået AFP. Han var først i køa for å røyste i Kart-e-naw i utkanten av hovudstaden Kabul.

LES OGSÅ: 18 valgarbeidere bortført i Afghanistan

LES OGSÅ: Frykter nytt skandalevalg i Afghanistan

Desillusjonerte

Men ikkje alle er like ivrige på å delta i valet. Mange av innbyggjarane i det krigsherja landet er desillusjonerte.

- Nei, eg kjem ikkje til å røyste, eg er meir interessert i å finne meg ein jobb. Familien min har ikkje nok mat. Om det var ein ærleg kandidat der, så ville eg ha røysta på han, seier arbeidslause Faqir Jan frå Kabul til nyheitsbyrået Reuters.

Hamid Karzai håpar på høg valdeltaking.

President Hamid Karzai røysta i Kabul i dag tidleg.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

Det er sett i verk ein gigantisk tryggingsoperasjon i samband med valet der både afghanske soldatar og politi og soldatar frå den internasjonale styrken deltek. Veljarar på veg til røystelokala blir ransaka for å forsikre seg om at dei ikkje har våpen eller eksplosivar på seg.

63.000 soldatar og 52.000 politifolk er med i operasjonen.

Håpar på høg deltaking

President Hamid Karzai røysta i eit vallokale like ved presidentpalasset i Kabul i dag tidleg. Han uttrykte håp om høg valdeltaking og at ingen skulle blir skremde bort av Taliban-angrepa.

Dette parlamentsvalet er det andre sidan NATO-invasjonen i 2001. 2500 kandidatar kjempar om 249 plassar i den afghanske nasjonalforsamlinga.

Vallokala opna kl. sju lokal tid, klokka 0430 norsk tid, og stengde altså kl. 13.30 norsk tid.

SISTE NYTT

Siste nytt