Hopp til innhold

Taliban varslar angrep på vallokale

Taliban i Afghanistan oppmodar til boikott av parlamentsvalet i landet førstkomande laurdag, og truar med angrep på dei som deltek.

Taliban-krigere

Taliban oppmodar til boikott av parlamentsvalet i Afghanistan førstkomande laurdag.

Foto: JEROME DELAY / AP

- Vi oppmodar vår muslimske nasjon til å boikotte denne prosessen, og halde fram med å drive dei framande okkupantane ut av landet ved hjelp av heilag krig og islamsk motstand, heiter det i ein epost til nyheitsbyrået AFP.

Drap tre kandidatar

Taliban har teke livet av minst tre kandidatar til valet i løpet av dei siste vekene, og i tillegg fleire som arbeidde med organiseringa av valet.

Meir enn 2500 kandidatar kjempar om 249 plassar i den afghanske nasjonalforsamlinga ved valet laurdag. Dette er det andre parlamentsvalet etter invasjonen i 2001.

Det er i alt 5800 vallokale rundt om i det krigsherja landet, men truleg vil så mange som 1000 ikkje opne fordi det ikkje er mogleg å garantere tryggleiken der.

Taliban hadde makta i Afghanistan frå 1996 til 2001. Då kalla dei landet for Det islamske emiratet Afghanistan, og organisasjonen har lovd å gjeninnføre emiratet når utlendingane er kasta ut.

Angrepsmål

I meldinga frå Taliban heiter det at organisasjonen har planar for å forstyrre gjennomføringa av valet. Hovudmåla vil vere soldatar og valarbeidarar, men også sivile kan bli ramma om dei møter opp for å røyste.

Organisasjonen varslar også angrep på hovudvegar mellom dei store byane, og på vegar til og frå vallokale.

Sist månad gjekk den islamistiske organisasjonen ut og sa at alle som på ein eller annan måte er involvert i valet, er eit angrepsmål for dei.

Samstundes kjem det meldingar om at NATO-styrken har drepe åtte opprørarar i den nordlege provinsen Kunduz i går kveld. Angrepet vart gjennomført med både fly- og bakkestyrkar, heiter det i ei fråsegn frå ISAF-styrken.

Taliban-opprørarar drap natt til i dag fem tryggingsvakter i den søaustlege provinsen Ghazni. To andre er såra og to er sakna, opplyser ein talsmann for dei lokale styresmaktene til AFP.

LES OGSÅ: Kouchner: Talibans leder i Pakistan

LES OGSÅ: Truer afghanske kvinner før valget

LES OGSÅ: – NATO blir i Afghanistan til jobben er gjort

LES OGSÅ: Fem drept i Al Qaidas hovedkvarter

SISTE NYTT

Siste nytt