Hopp til innhold

1000 har mist livet i krigen

Rundt 1000 libanesarar er drepne hittil i krigen, dei fleste av dei er sivile. Rundt ein tredel er born under 13 år.

Israelsk angrep mot Libanon
Foto: Eliana Aponte / Scanpix/Reuters

 

Øydeleggingar i Beirut
Foto: Lefteris Pitarakis / Scanpix/Reuters

Libanesiske styresmakter opplyste i dag at 925 personar er drepne i Libanon sidan krigen starta 12. juli, og i tillegg er 25 personar sakna, og er truleg døde. Dermed er dødstalet etter krigshandlingane på nær 1000.

Ein tredel av desse er born under 13 år, opplyser Libanons helseminister Mohammed Khalifeh.

Minst 17 menneske skal vere drepne i ulike israelske angrep mot Sør-Libanon i natt og i dag tidleg.

Israelske krigsfly har gått til åtak på mål i dei sørlege bydelane av Beirut, i og utanfor hamnebyen Sayda og fleire andre stader.

Den libanesiske statsministeren, Fouad Siniora, sa tidlegare at over  40 menneske vart drepne i eit luftåtak mot landsbyen Houla, men seinare blei mange funne levande i ruinane, og styresmaktene trur no at berre eitt menneske mista livet.

Harde kampar

Samstundes held kampane på bakken fram, og Hizbollah-geriljaen seier dei har drepe fire israelske soldatar i kamp i løpet av natta.

Dette er ikkje stadfesta av andre kjelder, og den israelske hæren avviser at soldatane er drepne. Dei stadfestar at fem av deira soldatar er såra i kampane.

I føremiddag melder den arabiske fjernsynskanalen Al Arabiya at tre israelske soldatar er drepne i kampar i landsbyen Bint Jbail. Den israelske hæren stadfestar at ein soldat er drepen her.

Hæren opplyser at fem Hizbollah-soldatar også er drepne kampane, og at fire israelske soldatar er såra.

Det var landsbyen Ghazzaniyeh  sør for Sayda som vart hardast ramma i angrepa i natt. Her vart sju menneske frå same familien drepne. Det var også harde angrep mot dei sørlege bydelane av Beirut, eit kjernepunkt for Hizbollah.

I eit angrep mot landsbyen Kfar Tibneet vart to kvinner og ein gut drepne. To andre sivile vart drepne i landsbyen Harouf,og to vart også drepne i Nabatiyeh.

Infrastruktur

Det har også i natt vore harde angrep mot libanesisk infrastruktur. Fleire vegar som knyt Libanon til Syria er bomba igjen. Mange vegar til Syria er bomba av israelske fly gjennom heile krigen, men innbyggjarane i området har raskt greidd å fylle igjen bombekratera slik at det skal vere mogleg å bruke vegane.

Den israelske avisa Haaretz skriv i dag at Israel har planar om å trappe opp angrepa på den strategiske infrastrukturen til Libanon, og som det heiter, symbol for den libanesiske regjeringa. Det er uklart kva som ligg i dette.

Opptrapping

Statsminister Ehud Olmert og forsvarsminister Amir Peretz møter i dag leiinga i forsvaret for å diskutere den vidare krigsinnsatsen.

I går var den dødelegaste dagen i den over tre veker lange krigen hittil. 15 menneske, tre av dei sivile, vart drepne av Hizbollah-rakettar i det nordlege Israel.

Bombeangrep i Libanon
Foto: Kevini Frayer / Scanpix/AP

 

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt