Hopp til innhold

- Telemark-kvinne vil heim frå Kreta

Kvinna frå Telemark (27) som skal ha vorte halden fanga og valdteken i fleire veker på den greske øya Kreta, vil heim til Noreg. Gresk politi ber henne bli.

Kreta

Politiet på Kreta seier dei ikkje vil nekta kvinna frå Telemark (27) heimreise, men ber henne bli med omsyn til etterforskinga.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Har du tips i denne saken? Kontakt vår reporter

– Kvinna seier ho vil heim til Noreg så fort som råd, men me har bede henne om å bli på Kreta fram til etterforskinga er ferdig, seier politibetjent George Kornizakis ved Chania-politiet til NRK tysdag ettermiddag.

Kvinna, som er frå Telemark, har mellombels vorte innkvartert på eit hotell i hamnebyen Chania på Kreta.

– Ber henne bli

27-åringen har tidlegare forklart til politiet at ei rumensk kvinne og seks menn skal ha sperra henne inne og misbrukt henne seksuelt i 20 dagar i eit hus i landsbyen Kournas utanfor Chania. Laurdag 6.november skal kvinna ha funne ein nøkkel og klart å flykta frå overgriparane.

Politiet skal ikkje ha gjort nye avhøyr av den norske kvinna sidan ho kom til politiet same laurdagen.

– Men dersom påtalemakta finn det naudsynt, kan ho verta kalla inn til nye avhøyr. Difor har me bede henne om å bli, men me kan sjølvsagt ikkje nekta henne heimreise, opplyser Kornizakis.

Politistasjonen i Chania, Kreta

Politiet i Chania har bede kvinna om å bli på Kreta fram til etterforskinga er ferdig.

Foto: NEA TV

– Gift med syskenbarnet

Ei rumensk kvinne (40) er arrestert og sikta i saka for medverknad til fridomsrøving og valdtekt. Tysdag var ho i rettsleg høyring i ein lokal domstol , og sit framleis i varetekt. Politiet seier det no er opp til påtalemakta kva som skjer vidare med 40-åringen.

Politiet jaktar også på seks menn som skal ha forgripe seg på kvinna gjentekne gonger. Ein av desse er ein namngjeven gresk statsborgar på 35 år.

Politibetjent Kornizakis seier til NRK at den rumenske kvinna er gift med syskenbarnet til den 35-år gamle grekaren. Gresk politi arbeidar no for å finna ut om syskenbarnet også kan vera medskuldig i saka.

– Lokka med arbeid

Den 35-år gamle mannen som politiet har identifisert ved hjelp av opplysningar frå den norske kvinna, skal vera sentral i det som framstår som ei svært grov bortførings- og overgrepssak.

– Den norske kvinna kom i kontakt med mannen via internett. Han lokka med arbeid på Kreta, og det skal ha vore føremålet med opphaldet hennar her, fortel Kornizakis.

Han veit ikkje kva type jobb mannen skulle skaffe henne, men stadfestar at grekaren driv ei fast-food kjede på øya. Den namngjevne grekaren og fem andre menn er no etterlyste.

– Me trur ikkje at den identifiserte mannen har forlate Kreta, seier Kornizakis

Flytta inn til overgripar

Kvinna frå Telemark skal også ha takka ja til å flytta inn hjå arbeidsgjevaren sin. Det var der, i heimen til den 35 år gamle grekaren, at ho skal ha vorte innesperra og valdteken dagleg i 20 dagar.

Ein rettsmedisinar har undersøkt kvinna, og på ein pressekonferanse i kystbyen Chania la politiet tysdag fram resultata frå dei medisinske undersøkingane.

– Ho har ingen skader som tyder på valdtekt, men ho har skader elles på kroppen. Ho kan ha vorte utsett for psykisk terror, sa rettslegen Mr. Papadomalolkis til VG Nett.

Han ser likevel ikkje vekk ifrå at den norske kvinna kan ha vorte valdteken.

Politiet avventar no ein medisinsk rapport som skal vera politiet i hende seinast onsdag morgon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt