Hopp til innhold

-Flytta inn til overgripar på Kreta

Kvinna frå Telemark som skal ha vorte bortført og valdteken i 20 dagar på Kreta, skal ha flytta inn til overgriparen ein månad før ho laurdag greidde å rømme frå valdtektsmarerittet.

Kreta

Ei 27 år gamal kvinne frå Telemark skal ha vorte halden som sexslave av seks menn og ei rumensk kvinne på Kreta. Arbeidsgjevaren skal ha hatt ei sentral rolle i det som vert omtalt som ei svært grov overgrepssak.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Har du tips i denne saken? Kontakt vår reporter

Det fortel pressetalsmann ved det greske ministeriet for borgartryggleik, Athanasios Kokkalakis til NRK.

Den 27 år gamle kvinna som skal ha vorte halden fanga og valdteken i 20 dagar på den greske ferieøya Kreta i Hellas, kom ikkje til ferieparadiset som turist. Ho hadde som mål å skaffa seg arbeid og kom til øya i september i år.

Blei lova jobb og bustad

I tillegg til den rumenske kvinna som er pågripen og sikta i saka, er seks menn etterlyste. Ein av desse kjenner politiet identiteten til.

Mannen skal vera ein 35 år gammal gresk statsborgar som driv ei fastfood-kjede på den populære ferieplassen.

– 35-åringen skal ha tilbode seg å finna arbeid til den norske kvinna. Han skal også ha invitert henne til å bu heime hjå seg i landsbyen Kournas utanfor feriebyen Chania, fortel Kokkalakis.

Det skal kvinna ha takka ja til, men då ho flytta inn i huset, skal marerittet ha starta.

Kokkalakis seier det er uvisst om den norske kvinna hadde kjennskap til mannen før ho kom til Kreta, eller om dei først kom i kontakt på Kreta.

Frå Telemark

Pressetalsmannen understrekjer at all informasjonen politiet har så langt, er basert på forklaringane til den norske kvinna.

NRK får opplyst at kvinna er frå Telemark, og oppheld seg framleis på Kreta.

Leiar for etterforskingseininga ved det Telemark politidistrikt, Georg Andersen, seier til NRK at dei ikkje kjenner til saka og at kvinna ikkje er meld sakna på heimplassen.

– Fleire media har kontakta oss, men me veit ikkje meir om dette enn dykk. Me tek ikkje noko initiativ i saka, men ventar på at politiet som etterforskar saka tek kontakt med oss, fortel Andersen.

– Dersom det skjer ting med våre borgarar utanlands, hender det at me ikkje vert innblanda i det heile teke. Andre gonger blir me spurde om å hjelpa til i etterforskinga, seier etterforskingsleiaren.

– Ikkje valdtektsskader

Ifølgje pressetalsmannen har ho ikkje vore innlagd på sjukehus etter valdtektene. Ein rettsmedisiner har undersøkt kvinna, og på ein pressekonferanse i kystbyen Chania la politiet fram resultata frå dei medisinske undersøkingane.

– Ho har ingen skader som tyder på valdtekt, men ho har skader elles på kroppen. Ho kan ha vorte utsett for psykisk terror, seier rettslegen Mr. Papadomalolkis til VG Nett.

Han ser likevel ikkje vekk ifrå at den norske kvinna kan ha vorte valdteken.

Politiet opplyste på pressekonferansen at dei har DNA-treff på ein av mennene, som no vert sendt til Athen.

Dei vurderer også å pågripa den 35 år gamle arbeidsgjevaren til kvinna, men avventar ein medisinsk rapport.

– Rumensk kvinne var «observatør»

Den rumenske kvinna som er sikta i saka, skal ha budd i ein etasje over bustaden til den 35 år gamle mannen, der den norske kvinna vart halden fanga i nesten tre veker.

Tysdag var kvinna i rettsleg høyring i ein lokal domstol. Ho har framleis status som sikta, for medverknad til fridomsrøving og seksuelle overgrep.

– Ho er sikta for medverknad ved å vera «ein observatør» til hendingane, seier Kokkalakis.

Det er førebels uvisst om den greske påtalemakta vil gjera nye avhøyr av den norske 27-åringen.

NRK.no kjem med meir.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt