Hopp til innhold

- Valet i Iran vil ikkje endre noko

Sverre Lodgaard trur ikkje forholdet til utlandet vil bli påverka av presidentvalet i Iran. – Utanrikspolitikken er det revolusjonsgarden og den øvste leiaren som tek seg av, seier han.

Fra Morgennytt 154.6.13.

VIDEO: Lodgaard om valet i Iran.

Det er seks attverande kandidatar ved presidentvalet i Iran i dag. Sverre Lodgaard meiner det står mellom fire av dei, men at det uansett ikkje blir noko avgjerd i dag.

Sverre Lodgaard

Seniorforskar Sverre Lodgaard trur ikkje det blir ei avgjerd i første valomgang.

Foto: Nupi / NUPI

Ingen av kandidatane er venta å få meir enn 50 prosent av røystene. og Lodgaard reknar med at det blir ein ny valomgang 21. juni, altså om ei veke.

Trur på Qalibaf

Seniorforskaren ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) trur Mohammed Baqer Qalibaf (51) vil gjere det godt i første valomgang. Han er borgarmeister i Teheran, og Lodgaard seier til NRK at han profilerer seg på økonomiske spørsmål. Han er i dag borgarmeister i Teheran, der han har hatt ei god hand med økonomien, fortel Lodgaard.

Lodgaard trur Qalibaf kan gjere det bra i første valomgang, men torer ikkje spå noko utfall av ein valomgang nummer to.

Lodgaard trur også at Hassan Rohani kan gjere det godt. Han er ifølgje seniorforskaren det nærmaste ein kjem ein reformist i dette valet. Han blir karakterisert som ein pragmatikar, og han har støtte frå to tidlegare presidentar,

Presidentkandidat Mohammad Bager Qalibaf i Iran.

Mohammed Baqer Qalibaf har sett økonomi på dagsorden i valkampen.

Foto: STR / Afp

Khatami og Rafsanjani.

Hassan Rohani er tidlegare viseforsvarssjef for leiar for atomforhandlingane. Han er den einaste kandidaten med geistleg bakgrunn. Han har blant anna sagt at han vil gjenopprette det diplomatiske sambandet med USA.

Står nær Khamenei

LES OGSÅ: Valglokalene åpnet i Iran

LES OGSÅ: Google advarer mot «statlig sponsede» nettangrep i Iran

Så er det Saeed Jalili (47). Han er noverande sjef for den iranske atomdelegasjonen, og ifølgjeLodgaard står han fast på lina til den øvste leiaren i landet, ayatolla Ali Khamenei. Han er også ein nær medarbeidar av Khamenei.

Den fjerde kandidaten Lodgaard trur har ein reell sjanse er Mohsen Rezaie (58). Han er tidlegare leiar for den mektige revolusjonsgarden. Han var kandidat også i 2008, utan å gjere det spesielt godt då.

Saeed Jalili er én av kandidatene som får stille i presidentvalget i Iran i juni

Saeed Jalili er ein av favorittane ved presidentvalet i Iran.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

No har han gjort det godt i tv-debattane før valet, og Lodgaard har inntrykk av at han er meir populær no enn han var for fire år sidan.

Dei to kandidatane Lodgaard ikkje trur har særleg sjanse er tidlegare oljeminister og kommunikasjonsminister Mohammad Gharazi (72) og Ali Akbar Velayati (67). Han er tidlegare rådgjevar for ayatolla Khamenei i internasjonale spørsmål og tidlegare utanriksminister.

- Til helvete med kritikken

Det var køar ved vallokala då dei opna i dag tidleg. Den øvste leiaren, ayatolla Ali Khamenei, var den første som røysta i Teheran. Han raljerte over at USA har kritisert valet i Iran.

– Kva så om dei ikkje likar det? Som om vi skulle bry oss med det. Til helvete med kritikken. Vi gjer ikkje det amerikanarane vil, men det som er i vår eiga interesse, sa Khamenei ifølgje det tyske nyheitsbyrået DPA.

Rundt 50,5 millionar iranarar kan røyste ved valet i dag.

50 millioner iranere kan stemme og de har seks kandidater å velge mellom

VIDEO: Lange køar då vallokala opna i Teheran.

Internasjonal kritikk

Presidentvalet i Iran har blitt møtt med brei internasjonal kritikk. Det mektige Vaktarrådet har sila kandidatane, slik at ingen reelle opposisjonelle har fått stille. Også tidlegare president Rafsanjani, som i iransk målestokk er relativt moderat, er ein av dei som ikkje fekk stille.

Det var til saman 700 kandidatar som melde si interesse for å stille ved valet, men etter at Vaktarrådet hadde sagt sitt sat dei att med åtte kandidatar. Av dei har to trekt seg, slik at det no er seks igjen.

LES OGSÅ: De kommer om natten

LES OGSÅ: – Hizbollahs innblanding i Syria kan føre Libanon ut i borgerkrig

SISTE NYTT

Siste nytt