Den amerikanske avisa siterer amerikanske og austasiatiske diplomatiske kjelder. Sør-Korea skal ha konkluderte med at det var Nord-Korea som stod bak, etter at etterforskarar frå Australia, Storbritannia, Sverige og USA har gjort grundige undersøkingar av skipet.
Washington Post skriv i kveld norsk tid at Sør-Korea offisielt vil leggje skulda på Nord-Korea i løpet av onsdag, og at landet vil be Tryggingsrådet i FN ta opp saka. Sør-Korea vil truleg krevje strengare sanksjonar mot nabolandet.
46 marinegastar vart drepne då det sørkoreanske marinefartøyet gjekk ned etter ein kraftig eksplosjon 26. mars i år.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Nordkoreansk torpedo?
Sør-Koreas president Lee Myung-bak.
Foto: BLUE HOUSE / AfpDet har lenge vore spekulert i at det var ein nordkoreansk torpedo som senka skipet, men hittil har ikkje Sør-Korea sagt dette offisielt. Nordkoreanske styresmakter har heile tida nekta for å ha hatt noko med eksplosjonen å gjere.
Korvetten «Cheonan» gjekk ned i eit omstridd område i Gulehavet. Det har fleire gonger vore samanstøytar mellom sørkoreanske og nordkoreanske marinefartøy i dette området.
Den sørkoreanske forsvarsministeren, Kim Tae-young, har tidlegare sagt at dei som står bak drapa på dei sørekoreanske soldatane, skal måtte betale prisen.
- Vi skal ta hemn, same kva form det blir i, sa han blant anna for eit par veker sidan.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Samtalar i Kina
Nord-Koreas president Kim Jong-il.
Foto: KCNA / ReutersSør-Koreas president Lee Myung-bak tok truleg saka opp med Kinas president Hu Jintao under eit besøk i Shanghai i slutten av april. Like etter reiste også Nord-Koreas president og sterke mann Kim Jong-il på eit sjeldant besøk til Kina for å møte kinesiske leiarar.
Det er uklart kva som kom ut av samtalane, men observatørar trur begge besøka har noko med senkinga av den sørkoreanske korvetten å gjere.
Sør-Korea kan ha bede om kinesisk støtte om og når dei tek opp saka i Tryggingsrådet i FN.
Det har også vore spekulert i om Sør-Korea har planar om ein militær hemnaksjon mot nabolandet.
LES OGSÅ: