Det er ikkje ofte at Kim Jong-il blir filma, og når det skjer, har han strenge reglar for når det kan gjerast, og ikkje minst når resultatet kan offentleggjerast.
Når han ein sjeldan gong er i utlandet er det ikkje lov å publisere bilete eller video medan han er i landet, men først etter at han er komen vel heim til Pyongyang. Han kom truleg tilbake dit i går, som vanleg i det pansra toget sitt.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Flyskrekk?
For Kim Jong-il likar ikkje å reise med fly, det blir spekulert i om han lir av flyskrekk.
Kim Jong-il var tilsynelatande i godt humør under møtet med den kinesiske kollegaen sin.
Foto: CCTV / AfpKvar gong han forlet Nord-Korea skjer det med dette spesialtoget. Men det er ikkje lov å filme eller fotografere toget, og fotografar fekk heller ikkje forevige kortesjen han vart frakta i frå jernbanestasjonen i Beijing til møtet med kinesiske leiarar i Folkets store sal.
Fotografane fekk heller ikkje tilgjenge til gjestebustaden der Kim budde dei to døgna han var i Beijing
Dei offisielle videoklippa viser Kim i møte med kinesiske leiarar, og som vanleg når bilete av den nordkoreanske presidenten ein sjeldan gong blir offentleggjorde, så er Kim Jong-il-kjennarane ute med sine vurderingar av han.
Ser eldre ut
Den 68 år gamle statssjefen markert eldre ut enn på tidlegare bilete, og han er tynnare enn han har vore på lenge, seier ekspertane. Men han smilte fleire gonger, og bileta viser også Kim medan drikk raudvin og skålar med den kinesiske presidenten Hu Jintao og statsmnister Wen Jiibao.
Kim vart truleg ramma av eit slag sommaren 2008, sjølv om dette aldri er stadfesta av offisielle kjelder i Pyongyang.
Det har vore store spekulasjonar om helsesituasjonen hans dei siste åra, og fleire gonger har det gått rykte om at den mystiske presidenten har vore døden nær.
Men kvar gong etter at det har vore speskulasjonar om helsa hans, så har nordkoreansk fjernsyn sendt ut bilete av presidenten for å vise at han er i fin form.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Taust til i dag
Kinesiske og nordkoreanske media har ikkje nemnt det nordkoreanske statsbesøket i Kina med eitt ord før i dag fredag.
Det er ikkje opplyst noko om kva som vart diskutert under besøket, men nokre observatørar trur det kan ha noko med at Nord-Korea blir skulda for å ha torpedert eit sørkoreansk marinefartøy i Gulehavet.
Kim Jong-il reiste til Beijing berre få dagar etter at hans sørkoreanske kollega reiste til landet for å møte kinesiske leiarar. Observatørar trur Sør-Korea ynskjer å sikre seg støtte frå Kina når dei truleg tek opp det dei meiner er senkinga av marienfartøyet i Tryggingsrådet i FN.
Det har også vore spekulert i om Sør-Korea planlegg militære motreaksjonar mot Nord-Korea.
Kim Jong-Il skålar i raudvin med Kinas president Hu Jintao,
Foto: STR / AfpLES OGSÅ:
LES OGSÅ: