NRK Meny
Normal

- Overlever i presidentstolen

Barack Obama er utsett som svart presidentkandidat, men han har lite å frykte, meiner fleire ekspertar.

Obama

Obama heldt i dag valmøte i Pennsylvania.

Foto: Jae C. Hong / Scanpix/AP

Anders Romarheim

Anders Romarheim meiner Obama er ekstra utsett som svart presidentkandidat.

Foto: NRK
Ole Moen, professor i amerikansk historie

Obama er eit mål for rasistar, seier Ole Moen.

Foto: Universitetet i Oslo
Annette Groth

Annette Groth meiner det er lurt å tone ned attentatet.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

I USA er to unge nynazistar arresterte, sikta for å planlegge å drepe den demokratiske presidentkandidaten Barack Obama.

Les også: Drapsplaner mot Obama

Les også: - Frykter ikke for mitt liv

Attentatplanane var ifølgje mange ekspertar lite truverdige, men eit fleirtal av amerikanske veljarar meiner at Obama er meir utsett for attentat enn andre politikarar.

Eit mål for rasistar

Anders Romarheim, forskar ved Institutt for Forsvarsstudiar, har spesialisert seg på amerikansk politikk og terrorisme.

Han meiner Obama er ekstra utsett som presidentkandidat, men ser ingen grunn til at han ikkje skal overleve fire år i presidentstolen.

- Eg trur han er ekstra utsett som svart kandidat, men det har vore gjennomført attentatforsøk mot dei fleste presidentar i alle år, og tryggleiken er svært god, seier Romarheim.

Ole Moen, professor i Nord-Amerikastudier ved Universitetet i Oslo, synest det er vanskeleg å vurdere risikoen rundt Obama.

- Det er vanskeleg å svare på kor utsett han er, men Obama blir eit mål for rasistiske grupper, og det er lurt av han å tone attentatet ned, seier han.

Snur problematikken

I dag heldt både Obama og McCain valmøte i Pennsylvania, og Obama hevdar han ikkje er redd for ekstremistane.

- Desse hatgruppene har vore lite framme i valkampen, dette er verken Amerika eller framtida, seier Obama.

Obama snur med det heile problematikken, og er overraska over kor stille dei rasistiske gruppene har vore i valkampen.

USA-korrespondent Annette Groth meiner dette er ein fornuftig måte å reagere på.

- Han seier at dei ikkje bryr seg, og at han føler seg svært trygg. Han er opptatt av å tone ned rolla til desse unggutane og rasistiske miljø generelt, seier ho.

Groth meiner styresmaktene passar ekstra godt på den svarte presidentkandidaten.

- Store grupper har vore redde for eit attentat, men reint konkret har det vore svært lite å bry seg om. Myndigheitene tek det likevel svært alvorleg at USA for fyrste gong har ein svart presidentkandidat, fortel ho.

Media teier

Det er ikkje berre Obama som tonar ned det planlagde attentatet. Også amerikanske media bryr seg lite om episoden.

- Dette har fått veldig lite omtale i media. Hendinga er lite nemnt på valmøta i dag og bortgøymd i avisene, seier Groth.

Romarheim har akkurat den same oppfatninga.

- Attentatet er ikkje ei stor enkelsak i USA i dag, og det er heilt tydeleg at ein tonar dette ned, seier han.

Slike hendingar er slettes ikkje uvanlege, kan Moen fortelje.

- Det har vore langt fleire rasistiske episodar enn det media har omtala. Ein vil ikkje gje slike grupper PR, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt