NRK Meny
Normal

- Mindre fare for Korea-krig

Den amerikanske utsendingen Bill Richardson seier at Nord-Korea er på rett veg for å hindre ei ytterlegare opptrapping av konflikten på Korea-halvøya.

Bill Richardson snakkar med journalistar i Beijing 21.11.10.

Bill Richardson ser teikn til mindre spenning på den koreanske halvøya.

Foto: GOH CHAI HIN / Afp

New Mexico-guvernøren Bill Richardson avslutta i går kveld besøket sitt i det lukka Nord-Korea. Han sa då han kom til Kina i natt norsk tid at landet hadde vist pragmatisme når dei ikkje svarte militært på den sørkoreanske artilleriøvinga i Gulehavet sist helg, melder BBC .

Sørkoreanske soldatar er i høgd beredskap på grensa til Nord-Korea.

Sørkoreanske soldatar ved grensa til Nord-Korea er i høg beredskap.

Foto: JO YONG-HAK / Reuters

Sist Sør-Korea dreiv artilleriskyting i dette området svarte Nord-Korea med eit angrep på den omstridde øya Yeonpyeong. Fire menneske, to sivile og to soldatar vart drepne, mange vart skadde og det vart gjort store materielle øydeleggingar.

IAEA-inspektørar tilbake

Det viktigaste Bill Richardson oppnådde under besøket sitt i hovudstaden Pyongyang var ein lovnad om at Det internasjonale atomenergibyrået IAEA sine inspektørar kan få vende tilbake til det nordkoreanske atomanlegget i Yongbon.

Inspektørane vart utviste frå Nord-Korea i april i fjor. No skal dei få kome tilbake for å sjekke at Nord-Korea ikkje produserer høgopprika uran, og at programmet på anlegget berre har sivile føremål.

Men John Richardson er klar på at det ikkje er nok med ord frå Nord-Korea si side, og at det er naudsynt at dei også viser sin gode vilje gjennom handling.

Den erfarane amerikanske diplomaten Bill Richardson.

Bill Richardson meiner Nord-Korea må følgje opp lovnader med handling.

Foto: Alexander F. Yuan / Ap

- Dei gjekk med på alle forslaga eg la fram. No må dei vise at dei meiner alvor, seier Richardson, som var USAs FN-ambassadør i presidentperioden til Bill Clinton. Han har inntrykk av at leiarane i Nord-Korea har innsett at dei har handla på ein måte som gjer det vanskeleg å få til nye forhandlingar.

LES OGSÅ: – Ingen vits å reagere på øvinga

LES OGSÅ: – Nord-Korea tillatter atominspeksjoner

Krisemøte i FN

Kina er Nord-Koreas nærmaste allierte, og landet har pressa på for å gå i gang igjen sekslands-forhandlingane om det nordkoreanske atomprogrammet. Men både USA, Sør-Korea og Japan har gjort det klart at dei ikkje ville ha nye samtalar no, fordi det kunne tolkast som om at det skjedde etter nordkoreansk press.

Det var krisemøte om Nord-Korea i Tryggingsrådet i FN sist helg, men dei seks faste medlemslanda vart ikkje samde om ein resolusjon. Kina, og delvis Russland, ville ikkje vere med på noko som kunne tolkast som kritikk av Nord-Korea.

Analytikarar har lagt merkje til at Nord-Korea no rekkjer ut ei hand til USA, etter kraftig sabelrasling mot Sør-Korea den siste tida. Det har gitt håp om at den umiddelbare krigsfaren mellom dei to nabolanda kan gli over for denne gongen.

Spent nær grensa mellom Sør- og Nord-Korea.

Beredskapen er høg på begge sider av den den demilitaristerte sona, er frå den sørkoreanske sida.

Foto: Wally Santana / Ap

Yang Moo-Jin, professor ved Universitetet for Nord-Korea-studiar i den sørkoreanske hovudstaden Seoul, seier at regimet i Pyongyang ser ut til å vere klar både for dialog og konfrontasjon.

LES OGSÅ: Startet omstridt militærøvelse

LES OGSÅ: Nord-Korea aukar beredskapen

- Liten sjanse for angrep

- Dersom ikkje USA eller Sør-Korea provoserer Nord-Korea kraftig, med nye felles marineøvingar til dømes, trur eg sjansen for eit nytt nordkoreansk angrep er liten akkurat no, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Cheong Seong-Chang, ein Nord-Korea-ekspert ved Sejong-instituttet i Seoul, meiner det er tydeleg at Nord-Korea vil forhalde seg direkte til USA, og på den måten setje Sør-Korea på sidelina.

Kim Yong-Hyun, ein annan Nord-Korea-ekspert i Seoul, seier at det truleg er Kina og Russland si forteneste at Nord-Korea ikkje gjekk til angrep under den sørkoreanske artilleriøvinga i helga.

Observatørane peikar på at Nord-Korea ofte kombinerer ein tøff språkbruk og truslar om maktbruk med meir forsonande utspel om forhandlingar.

Roleg, men spent på grensa mellom Nord- og Sør-Korea.

Det er roleg, men spent på grensa mellom Sør- og Nord-Korea.

Foto: JO YONG-HAK / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt