Ein libyisk hjelpeorganisasjoen, leidd av ein av sønene til president Muamar Gaddafi, har varsla at eit skip med hjelpeforsyningar til Gazastripa ville gå ut frå den greske hamnebyen Lavrion i løpet av helga med formål å bryte den israelske blokaden av Gazastripa.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Intenst diplomati
Avigdor Lieberman har drive intenst diplomati for å hindre skipet i å prøve å nå Gazastripa.
Foto: POOL / ReutersIsraels utanriksminister Avidor Lieberman skal dei siste dagane vore i tett kontakt med sine kollegaer i Hellas og Moldova for å prøve å hindre skipet i å prøve å bryte Gaza-blokaden.
I ei fråsegn frå israelsk UD heiter det at dei på grunn av desse samtalane, ikkje reknar med at det moldovske lasteskipet «Amalthea» vil kome fram til Gaza.
Kjelder i israelsk UD seier til nyheitsbyrået AFP at moldovske styresmakter har overtalt kapteinen på skipet til å gå til hamn i den egyptiske byen El-Arish.
Israelske styresmakter skal også ha bede FN om å hindre skipet i å prøve å nå Gazastripa.
Lasteskipet «Amalthea» er på 302 fot (92 meter), og har eit mannskap på 12. Den libyiske hjelpeorganisasjonen opplyser at det er lasta med 2000 tonn mat og medisinar.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Aktivistar om bord
Det vil også vere ei gruppe aktivistar som er ivrige etter å vise sin solidaritet med innbyggjararne på Gazastripa, opplyser ein talsmann for hjelpeorganisasjonen.
31. mai i år vart ni tyrkiske aktivistar drepne då israelske styrkar borda eit skip som prøvde å bryte blokaden av Gazastripa. Israel seier soldatane sine berre forsvarte seg, men det har vorte reist sterk internasjonal kritikk mot bordinga.
Forholdet mellom Israel og Tyrkia har vorte svært dårleg som følgje av det som skjedde, og Tyrkia har trua med å bryte det diplomatiske sambandet med Israel om landet ikkje kjem med ei orsaking for militæroperasjonen.
LES OGSÅ: